Menneskja greidde seg lenge utan skrift, men moderne samfunn greier seg ikkje utan skriftmål og skriftstykke av ymse slag. Og som ordtaket seier: «Det som er skrive, er gøymt; det som er sagt, er gløymt.» Skrifta kan ta vare på tankar, utsegner og hendingar og leggja dei fram for oss mange år seinare. Både stort og smått kan skriftfestast, jamfør denne 700 år gamle runeinnskrifta frå Bryggen i Bergen: «Gyda seier du (skal) gå heim.»
Skrive- og skrift-orda våre skriv seg frå det latinske verbet scribere (eig. ‘rissa inn med griffel’), men orda er som regel komne til oss gjennom andre mål. Substantivet skrifte (jf. skriftemål, skriftefar) er påverka av gamalengelsk scrift, som i kyrkjemål vart nytta om ‘det å skriva ut kyrkjebot; syndevedkjenning’. Ordet tedde seg ofte i den faste vendinga «gan to scrifte» (‘gå til skrifte’), og både tydinga og vendinga kom inn i norrønt: «ganga til skripta(r)». E-en i skrifte er ein leivning av denne kasusendinga. I utgangspunktet er skrifte same ordet som skrift, og Aasen handsama dei som eitt ord (jf. oppslagsordet skrift i Norsk Ordbog). I den same ætta finn me skriva, skribla, manuskript, skribent og deskriptiv.
Det er ofte skriftlærde folk med skriveklåe som skriv historiebøker, men me kan fint skriva historie utan å vera skrivekunnige. Skriving er like fullt ein viktig del av skulelaupet, og elevane skal helst ha pen handskrift og få skrivefeil. Dessutan må dei hugsa skrivesakene sine, reinskriva kladden før innlevering og skriva sjølve i staden for å skriva av andre. Me kan elles skriva noko opp eller ned, og me kan skriva oss på ei liste og inn i eit lag. Me kan skriva under på noko, skriva med blyant, skriva til nokon og skriva om ei sak, og me kan skriva ut ein sjekk, ein pasient og ei skrivebok. Dessutan finst det omskrivingar, framskrivingar og ansvarsfråskriving.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.