JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Med eit halvt auga

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2363
20200515
2363
20200515

Tom og full er motsetnader, men når dei to møtest på halvvegen, er det vandt å sjå skilnaden mellom dei. Er glaset halvtomt eller halvfullt? Halvstuderte røvarar med taletrong kan sitja oppe halve natta og drøfta dette spørsmålet, andre kan tvinga seg til å drøfta det halvhjarta i ein halvtime, men so er grensa nådd. Å drøfta sjølve adjektivet halv er kan henda meir gjevande?

Ordet er rett nok so gåtefullt at granskarane ikkje skjønar halvparten eingong. Det me veit, er at ordet finst i mange germanske mål, som norrønt halfr, svensk, dansk og norsk halv, engelsk half, tysk halb og frisisk heal. Me veit òg at ei rad ord er avleidde av halv, som substantiva helvt («helvta av kvart slag»), halve («på nordhalva», d.e. på nørdre luten av jordkula), helming («andre helmingen i strofa») og verba helvta, halva (‘dela i to, dela likt’) og halvera (‘dela i to; minka til det halve’). Men kva rot er halv og halv-orda runne av? Kva andre ord er dei i ætt med? Nokre har ymta om at halv heng i hop med skilja, men det er berre gissing. Hovudsvaret frå granskarane er at halv er eit isolert og etymologisk uklårt ord. Eller sagt på ein annan måte: Halv er ikkje ei halvøy i ordtilfanget, det er ei øy utan bru- og ferjesamband.

Heilskap og fullnad vert jamnast rekna som betre enn halvskap, til dømes er det gjævare å få heile kongeriket enn halve. Likevel finst det unnatak: «Det halve er stundom betre enn det heile.» Det gjeld fyrst og fremst leie saker. «Det halve med fred er betre enn det heile med ufred.» «D’er betre tapa halvt enn alt.» Kan henda finst det òg tilfelle der halvsanningar og halvkvedne viser høver betre enn ærleg og klår tale.

Når me talar om mengd, lengd, tid og andre saker som kan målast og vegast, kjem halv godt med, jamfør ord som halvkilo, halvmeter, halvliter og halvår. Eit halvsysken er likevel ikkje eit halvt menneske, men eit heilt menneske som har halve opphavet sams med deg. Me kan elles bruka halv om verksemder eller tilstandar som berre gjeld eller vert gjorde i ein viss mon, utan at me har presise mål å visa til, jamfør halvmørker, halvgud, halveten, halvsova, halvsteikt, halvgamal. Når nokon høyrer med eit halvt øyra eller ser med eit halvt auga, er det merksemda deira som er halv, ikkje sjølve organet.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis