JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Med bøyg og bukk

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2360
20191220
2360
20191220

Krokbøygde folk kan ha ein ubøyeleg vilje. Om dei finn ut at dei ikkje vil bøya seg for den eller den, so bøyer dei seg ikkje. Nei, dei vil mykje heller ta knebøyg på treningssenteret enn å bøya kne for fienden. Men vil dei tøya ut? Bøya og tøya er rimord («bøy og tøy!») med so å seia motsett tyding. Det har ordtakmakarane visst å utnytta: «Stutt må tøya seg; langt må bøya seg.» «D’er ingen so lang, han ei må tøya seg, og ingen so låg, han ei må bøya seg.»

Bøya (norr. beygja) er eit nedervt verb med former som svensk böja, dansk bøje og tysk beugen. Granskarane meiner at ordet opphavleg tydde ‘få til å bøya seg’. Eller sagt med andre ord: Dei meiner at vårt bøya i utgangspunktet var kausativ til eit sterkt verb som tydde ‘bøya’, på same måte som leggja er kausativ til liggja (leggja = få til å liggja), og fella er kausativ til falla (fella = få til å falla). Bøya er elles i ætt med substantiva bøyg, boge, baug (‘ring; linning’ ofl.), bøyel, bøyle og verbet bukka. Tilbøyeleg har kome inn i norsk frå dansk.

Bøygen var i folketrua eit ovstort og jamnast usynleg vette som var kaldt og sleipt og på skap som ein orm. Per Gynt møtte ein slik bøyg, og det hender at me i dag nyttar bøyg om ulne vanskar og hindringar. Men me kan òg bruka bøyg i tydingane ‘det å bøya’ (jf. knebøyg) og ‘bøygd tilstand, boge’, jamfør «vegen gjekk i bøygar og krokar». Nokre emne toler bøying betre enn andre. Dei har stor bøyingsstyrke. Mange av orda våre har slik styrke, for me gradbøyer og samsvarsbøyer og terpar bøyingsmønster i eitt køyr – utan at orda tek skade av det. Me tek etter latinen når me nyttar bøya soleis. Det latinske verbet declinare har lenge vore nytta om å bruka eller rekna opp dei grammatiske formene til eit ord, men grunntydinga er ‘bøya (av), koma bort frå’.

Me veit at makt og status er opp, jamfør «vera toppleiar», «ha makt over nokon», «stå øvst på rangstigen». Når me bøyer oss, vert me lågare, og bøying er difor eit teikn på vyrdnad eller jamvel undergjeving. Me kan ta imot ei gåve med bøyg og bukk, me kan bøya nakken for autoritetane, og me kan bøya oss i støvet for noko(n). Men det å bøya unna for eit slag er ikkje det same som å bøya av for motstandaren. For den som bøyer seg unna snøgt, kan svara med ein rett høgre.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.

E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis