Frå matfatet
Mattryggleik
Vi importerer monaleg meir enn berre smågodt, Solberg.
Båten som skiplar Solbergs sjølvforsyning: Soyabåtar som denne dreg ned norsk sjølvforsyning frå 50 til 36 prosent.
Foto: Rodolfo Buhrer / Reuters / NTB
«Selv om vi bare dekker 50 prosent av den normale diettens kaloriforbruk i Norge med egen produksjon, er det sånn at i en krise er ikke durumhvete blant de tingene det er viktigst å få tak i.» Det sa statsminister Erna Solberg i spørjetimen i Stortinget førre veke, på eit spørsmål som dreia seg om matvareberedskap i ein krisesituasjon.
Og det stoppar ikkje der: Midt i det som har vore nokre av dei mest hektiske vekene for norsk jordbrukspolitikk på ein del år, klarte altså statsministeren vår å seie: «Vi må kanskje klare oss uten sukkertøy og smågodt i en periode i en krise, men vi har utrolig mye fisk.»
Det er lov å spørje seg kva ein statsminister som er på val om få månader, tenkte på då ho valde nett desse orda. Kanskje var det det at bøndene utgjer ei veldig lita veljargruppe? Det er trass alt under 39.000 gardsbruk att i Noreg, 9 promille av dei med røysterett. Og at dei, bøndene altså, er så uinformerte at dei ikkje vil merke at det ho seier, er direkte feil?
Ja, for éin ting er at det Solberg sa i spørjetimen, i beste fall er småfrekt. Verre er det at det er såpass gale at om vi skal tolke det bokstavleg, kan det faktisk vere farleg. Det synest som statsministeren ikkje er klar over at det ho kallar ei sjølvforsyning på 50 prosent, er basert på massevis av importerte fôrråvarer.
Bergingsbåt
Lat oss gå åtte år attende i tid. Den 5. mars 2013 publiserte Aftenposten ei sak som skulle få mykje å seie for debatten om norsk matproduksjon. Dei på innsida visste det alt, men det var fyrste gong sanninga verkeleg kom ut: Saka heitte «Båten som berger oss», ingressen fortalde at «Norsk landbruk er bare en båtlast unna havari. En månedlig skipslevering av soyabønner fra Brasil er det som holder dyreholdet vårt flytende». Artikkelen byrjar med at dåverande leiar i Norges Bondelag, Nils T. Bjørke, slår fast at kyllingproduksjonen ville knele nærast med ein gong og svineproduksjonen verte redusert kort tid etter dersom soyabåten slutta å kome.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.