Matematikken melder seg
Johannes Kepler (1571–1630) fullførte modellen til Nicolaus Copernicus.
Foto: Wikipedia
Moderne fysikk er ein ung vitskap. Ved førre hundreårsskiftet slo lord Kelvin, presidenten i Royal Society of Science, fast at fysikken var komen i mål. Teoriane var på plass. Det som stod att, var betre måleteknikkar, betre instrument og betre målingar.
Rett etterpå, i 1905, publiserte Albert Einstein tre artiklar som endra alt. Til og med Isaac Newton, det store geniet, vart flytta til side.
Så gjekk det slag i slag, med relativitetsteori og kvantefysikk, og verda var forandra.
Men faget er gammalt. Namnet har faget fått frå ei bok av Aristoteles. Ho heitte rette og slett Fysikk, og boka gav faget namn.
Aristoteles er ein av dei store i fysikkens historie, ein grunnleggjar, sjølv om det meste han skreiv, er ute av notida og inne i historia. Han observerte, analyserte og konkluderte. Men han rekna ikkje. Det finst ikkje utrekningar i verka hans, skriv den italienske vitskapsfilosofen Carlo Rovelli.
Pytagoras er rekna som den første store greske matematikaren. Han meinte at matematikk var nødvendig for å kome vidare frå observasjon og analyse. «Det er tala som styrer formene og tankane», skal han ha sagt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.