Maria Magdalena
Målarstykke av Paolo Veronese som skildrar då Maria Magdalena konverterte.
Foto: Wikimedia Commons
Arnulf Øverland har skrive ei novelle om då djevelen slutta å gjere vonde gjerningar. Djevelen går rundt på jorda ein søndag føremiddag og høyrer kva prestane talar om på preikestolane. Og dei seier forferdelege ting om han. Og han blir forferda over det han høyrer. Han hadde i grunnen godtatt at det var som det var, når han var den vonde. Men no forbannar han seg på at det skal bli annleis. Han skal slutte med djevelskapen.
Han dreg heim til Helvete og opnar portane. Dei innestengde dreg då straks til himmelporten og vil inn, trass i at dei er blitt avviste der. St. Peter er streng og held på sitt, men jomfru Maria er mjuk og bed for dei. Det går bra for dei fleste, til Maria Magdalena kjem. Då set ho foten ned: «hun skulle ikke ha inn en slik en som fløi ute om natten og gjorde gjerninger med apostlene og kanskje tenkte på å bli svigerdatter i huset».
Her har Øverland hengt seg på ein skiten, historisk rykteflaum som har sverta ettermælet til Maria Magdalena. I evangelia er ho sentral. Ho er der det skjer, på Golgata og ved grava påskedagsmorgonen. Ho er den første som møter den oppstadne Jesus. I evangelia er ho omtala fleire gonger enn dei fleste apostlane.
Det var to problem med dette. Eitt evangeliefragment fortel om eit oppgjer i apostelflokken etter at Jesus er faren til himmels. Peter er sint og sjalu fordi det anar han at Maria stod Jesus nærare enn til og med han var. Det er sårt, og han gjev henne ei skikkeleg overhøvling. Ho blir lei seg, og Andreas må gå imellom og roe Peter.
Det andre problemet var den tidlause folkefantasien. Jesu flokk var sterke, unge menn som gjorde underlege ting. Og det var også unge kvinner der, deriblant Maria Magdalena. Kjønnsdrifta er tidlaus og kjend i alle samfunn. Ho har ein tvilling: fantasien om og interessa for seksuallivet til andre menneske. Underhaldningsindustrien har alltid levd godt på desse tvillingane. Det skjedde nok ting i og rundt disippelflokken, som andre stader der ungdom møtest og gjer store ting. Og dermed var historia i gang. Og Maria Magdalena fekk eit seksualliv.
Det er fleire kvinner som er omtala i evangelia, fleire av dei heiter Maria. Ettertida sleit med å halde dei frå kvarandre. Lukas omtalar ei kvinne som hadde levd eit syndefullt liv og hadde sju vonde ånder buande i seg. Jesus dreiv ut desse åndene og reiste henne opp. Så blir ho borte. Kanskje.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.