Frå historia
Maria Magdalena
Pietro Perugino: «Santa Maria Maddalena», ca. 1500.
Foto: Wikipedia
Maria var tydelegvis eit vanleg namn i Palestina på Jesu tid. I evangelia er det fleire av dei: Jesu mor, sjølvsagt, Maria, søster til Marta i Betania, ei Maria som var mor til ein Jakob, og Maria Magdalena.
Ettertida har hatt problem med å halde orden på alle desse mariaene.
Maria Magdalena er sentral i evangelia. Ho følgde Jesus og er meir omtala i evangelia enn dei fleste apostlane. Ho var først ved grava påskedagsmorgonen og var av dei første Jesus viste seg for etter oppstoda.
Det er funne restar av eit evangelium som var tileigna henne. Der blir det referert ei hending mellom apostlane etter at Jesus er borte. Peter er sint og sjalu. Han har fått mistanke om at Maria stod nærare Jesus enn han sjølv gjorde, og han kjeftar på henne. Ho græt, og Andreas må gå imellom og roe ned bror sin.
Men kven var ho?
Hos Lukas er ho ei kvinne som Jesus har drive sju vonde ånder ut av. I vestleg tradisjon blir ho etter kvart identifisert som den syndefulle kvinna Lukas fortel om. Ho oppsøkjer Jesus og salvar føtene hans. Pave Gregor I, rundt år 600 e.Kr. var den første som slo dette fast og prakka på Maria eit vidløftig seksualliv. Syndefull kvinne. Det har med sex å gjere, prostituert eller der omkring. Framståande kyrkjefedrar protesterte og forsvarte henne og ryktet hennar. Det hjelpte ikkje, og stempelet som lausaktig kvinne vart ståande på henne heilt til 1969, ved ei lærereform, fortel Wikipedia.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.