Ord om språk
Mange ballar i lufta
Teikning: May Linn Clement
Om det er nokon som fer som ein strikkball i målet vårt, er det ball. Det må vera på ballen støtt og sprett frå badeball til blandaball, raspeball til rumpeball, tullball til tåball. Snakk om kasteball! Dersom me ikkje får lagt ball daud snart, går vel lufta ut or ballongen.
Ja, det ballar på seg her i ball-bingen. Lånordet ballong heng i hop med ball. Ordet bol (‘trestamme utan kvister; kropp utan lemer; plagg utan ermar’) høyrer òg til denne ætta. Det same gjer engelsk bowl (‘stor skål; rund stadion’ jf. Super Bowl).
Men engelsk bowl (‘kule’, jf. bowling) har ingenting med ball å gjera (det kjem av latin bulla ‘boble’). Heller ikkje bol (‘hus for dyr og insekt’) bule (‘skjenkjestad’), bule (‘kul’), ball (‘danselag’), ballett og ballistikk heng i hop med ball. Ein vert reint pling i bollen av dette!
For bolle er visseleg medlem i ball-ætta. Bolle i tydinga ‘rund, djup skål’ (bakebolle, punsjbolle) kjem av norrønt bolli. Bolle i tydinga ‘lite, rundt bakverk’ (kanelbolle) er opphavleg same ordet, men det er kome til oss frå lågtysk. Andre små, etande klumpar vert òg kalla bolle (t.d. fiskebolle, kjøtbolle).
I nokre målføre vert ball uttala boll (jf. svensk boll, dansk bold). So er det nokre som skil mellom ball (‘kule til spel og leik’) og boll (‘testikkel’). Mange skil på liknande vis mellom hankjønnsordet ball og hokjønnsordet balle («få vondt i balla»). Det sistnemnde ordet finst ikkje i normert nynorsk. Me må nytta ball.
Balle er strengt teke ordet ball. Truleg har det gått i ball for folk soleis: Ei vanleg dialektform i bunden form fleirtal (balla, jf. gutta) er vorten oppfatta som bunden form eintal. Og underbukse-snøballen rullar vidare, for me kjem ikkje unna «ha ballar». Dei som meiner at det er ein nøytral måte å seia at folk er djerve på, kan ta seg ein bolle!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.