Frå bridgeverda

Magisk tapar

Eit glimt over skuldra til Sidney Lenz i det legendariske bridgeoppgjeret i 1930–31 mot ekteparet Culbertson.
Publisert Sist oppdatert

Det er lagnaden til visse menneske å bli hugsa ikkje for triumfar, men for nederlag. Innanfor bridgen er Sidney Lenz eit døme på denne arketypen, trass i at han var ein sann tusenkunstnar.

Han vart fødd i Chicago i 1873, men familien budde i fleire år i Wien i oppveksten hans, så vel som i New York City. Lenz vart tidleg eigar av eit sagbruk og ein pappfabrikk, og i slutten av tjueåra var han velståande nok til å kunne pensjonere seg og vie tida si til dei mange hobbyane han nådde store høgder innanfor. Han var ein strålande tennisspelar og golfspelar, han briljerte i bowling og bordtennis og brukte å spela sjakk mot den cubanske meisteren José Capablanca.

Ikkje minst var han ein dyktig amatørmagikar, med ekspertise på det som blir kalla «dealing seconds», der kortgjevaren tilsynelatande deler frå toppen av bunken, slik ein skal, men i røynda gjev eit underliggjande kort. Kort sagt kunne Lenz jukse seg til store pengar på kortspel, men nettopp difor avstod han stort sett frå speling om pengar. Interessa hans for whist, ein forlaupar til bridgen, var av ein meir fundamental art enn som så. Han vann tallause whisttevlingar, før han lærte bridge av britiske offiserar under ei reise til India, der han studerte magi og hinduistisk kultur.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement