Teknologi

Lysureining

Kollegasamling på Høgskulen på Vestlandet for å sjå på stjerner og planetar frå Bergen den eine dagen det var mogleg.
Publisert Sist oppdatert

For ein bergensar er nok det å utdanna seg til astronom absurd. Skydekket ligg lågt så godt som heile året, og skulle det verta ei klår natt, vert stjerner og planetar usynlege på grunn av vørdlaus omgang med lys.

Eg skulle nok ha satsa på meteorologi i staden for.

Nokre stjernestunder har brent seg fast for alltid. På Haugastøl påska 1976 såg eg Mjølkevegen for fyrste gong, og fann alle dei stjernebileta eg tidlegare berre hadde høyrt om. Eit tiår seinare stansa eg jeepen i villmarka i Zimbabwe. Eg hadde pugga sørhimmelen på førehand, og det vart ei ekstatisk stund i det varme mørket.

I vinter har me vore heldige. Sola har solflekkmaksimum og sender difor ut store mengder elektron og proton med solvinden. Dei vert fanga opp av jordas magnetfelt og gjev opphav til gildt nordlys.

I tillegg har det vore høgtrykk og klår nattehimmel. Frå nord til sør i Noreg har ein kunna kosa seg med nordlyset. Problemet er berre at dei fleste av oss bur i byar der me sjølv øydelegg for eigne opplevingar.

Enkelte meiner at straumen er dyr. Eg tykkjer at han er altfor billeg. Med ledlys vert landet opplyst, medan himmelkvelvingen forsvinn. Den franske filosofen Jean-Paul Sartre sa at helvete er dei andre, og eg kan ikkje vera meir samd.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement