Ord om språk
Lyfta i flokk
Teikning: May Linn Clement
«Den stein ein ikkje kan lyfta, får ein lata liggja.» Det er lite opplyftande å rydja ny jord og støyta på eit beist som er uråd å få opp. Ein kan senda bod etter vektlyftarar med stor lyfteevne og freista lyfta i flokk. Hjelper ikkje det, kan ein lyfta med maskin, sprengja ruggen eller ja, lata han liggja.
Ordlaget «lyfta i flokk» kjem frå songen «Jeg vil værge mit Land» (Fiskerjenten, 1868) av Bjørnstjerne Bjørnson: «Her er digtende Trang/ gjennem Arbejdets Gang/ til at løfte vort Land, blot vi løfter i Flok.» Det gjeld å ha rett lyfteteknikk anten ein lyfter åleine eller med andre, so ein ikkje forlyfter seg. Mange tunge lyft kan likevel slita på lekamen.
Det er gjerne lyfta me grip til når me talar om å heva noko opp frå underlaget eller (biletleg) heva noko opp på eit høgare nivå. Me kan lyfta glaset, lyfta (opp) eit barn og lyfta folket opp frå vankunna. Å lyfta augo eller blikket er å sjå opp eller vida ut synskrinsen. Den som går med lyft hovud eller panne, er sjølvtrygg og kry. Den som ikkje lyfter ein finger, gjer verkeleg ingenting.
Lyfta heng i hop med loft og luft og tydde opphavleg ‘heva opp i lufta’. I den same ætta finn me hankjønnsordet lyfting (‘høgt dekk i bakstamnen på (viking)skip; (dekk over) bakrom i ein båt; laus overbygning på stor, open fiskebåt’). Inkjekjønnsordet løfte (‘lovnad, tilsegn’) er noko anna: Det heng i hop med lov og lova.
Nokre har lyft peikefingeren mot Kunnskapsløftet og spurt: Vart det noko kunnskapslyft? Her held me fram med kunnskap om lyfta: I landsmålet til Aasen (og i norrønt) er det e-verb: lyfter, lyfte, lyft. Seinare er det vorte tillate å bøya det som a-verb (lyftar, lyfta, lyfta) eller med blanda bøying (lyftar, lyfte, lyft).
Me kan jamvel skriva ordet med ø, som i dansk og bokmål. Skrivemåten med y er elles det vanlege, jamfør svensk lyfta, islandsk lyfta og færøysk lyfta (og tysk lüften). Engelsk lift er lånt frå nordisk. Når so mange former av ordet er tillatne, er det vanskeleg å skriva det feil. Men ikkje like vanskeleg som å lyfta seg sjølv etter håret.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.