Lungeorm
Den store lungeormen kan gje alvorleg sjukdom hos storfe.
Illustrasjon frå Wikipedia
Parasittlarvar som et seg gjennom tarmveggen og vandrar til lungene for å leve og pare seg der, som infiserer sniglar eller brukar eksplosiv sopp som metode for å spreie seg utover beitemarkene til sau, geit og andre planteetarar... Velkommen til ei vandring i lungeormens fantastiske verd.
Ein suksess
Planteetarar er ein viktig del av naturens store krinsløp, der dei går på beite og legg att næringsrik gjødsel som mikrolivet i jorda kan nytte til ny primærproduksjon. Denne syklusen er diverre også særs godt eigna for parasittar som kan formeire seg inne i eit levande dyr og så sleppe ut egg eller larvar i avføringa til verten. Lungeormar er eit godt døme på slike beitetilpassa parasittar og er ei vanleg plage hos dei fleste husdyr over heile verda.
Lungeormane har sitt vaksne liv i luftrøyr og lungevev hos landlevande virveldyr. Dei har kjønna formeiring, og etter paringa legg hoene egg som eigentleg skulle ha vore sleppte frie i tarmen for å kome ut att den vegen. Men det er det råd med, irritasjonen i lungene fører til meir slim og hosting, og slik blir egga transporterte opp til svelget, der dei gjer vendereis og kan ta turen ned til magesekken og vidare ut med avføringa.
Store lungeormar
Geit og sau har ofte lungeorm, som regel er dei smitta med ei blanding av ulike typar. Geitene blir ofte hardast råka, men dei siste åra har kartlegging på slakteria i Noreg vist at lungeorm er eit svært vanleg problem også hos sau her i landet.
Mest alvorleg er infeksjon med den store lungeormen (Dictyocaulus filaria). Han lever i luftrøyr og bronkiar og kan føre til mykje slimproduksjon og ein kronisk, surklande hoste.
Inne i kvart egg ligg det ein ferdig utvikla larve, ute på bakken utviklar dei seg raskt vidare til infektive larvar som satsar på å bli etne av ein ny vert før vinteren kjem. Når larvane kjem inn i tynntarmen, vil dei ete seg gjennom tarmveggen og vandre til lymfeknutane i bukhola og vidare med lymfekanalane til hjartet, før dei endar opp i blodet som blir pumpa ut til lungene. Der blir dei kjønnsmodne, og det heile startar på nytt.
Raskast i verda
Dyra får etter kvart ein viss immunitet mot den store lungeormen, og sjukdom ser vi først og fremst hos unge dyr. Larvar frå dei store lungeormane overlever dårleg ute på bakken gjennom vinteren, men når smitta dyr kjem ut på beitet om våren, vil dei skite ut ferske egg og larvar. Størst smittepress blir det difor på seinsommaren og om hausten, særleg etter varme og fuktige somrar.
Storfe har også lungeorm, men ein egen type, Dictyocaulus viviparus. Med stor smittebelastning kan dyra bli tydeleg tungpusta og i alvorlege tilfelle skrante og misse matlysta.
I avføringa frå storfe er det ofte sporar av ein sopp, ofte kalla sprettsopp (Pilobolus kleinii). Soppen veks opp på kurukene som små trådar med ein liten granatkastar på tuppen. Når desse blir sprengde, vil nye soppsporar bli kasta opptil ein meter av garde, med akselrasjon som ei kule ut frå eit geværløp.
Denne mekanismen har lungeormane også oppdaga, og dei kryp inn i sporeboblene for å bli med på utskytinga. På det viset blir ormelarvane dei raskaste dyra på planeten, om enn berre for ein kort augneblink.
Lungeorm er svært vanleg på sauar i Noreg, men som regel viser dei ingen teikn til sjukdom.
Foto: Ørn E. Borgen / NTB
Små lungeormar
Hos småfe er det også vanleg med små lungeormar, i Noreg finn vi som regel typane Muellerius capillaris og Protostrongylus rufescens. Dei har ein liknande livssyklus som dei store ormane, men ute på beitet må larvane først formeire seg inne i sniglar.
Når dyra et gras med infiserte sniglar, vil larvane gjere den same vandringa som hos den store lungeormen, men med den skilnaden at ute i lungene vil dei små ormane slå seg ned i dei minste lungeblærene og ofte kapsle seg inn like under lungehinna. Ved slakting kan du sjå dette som harde og lyse eller meir blodraude knutar. Det er ikkje nokon god immunitet mot desse ormane, og difor blir det ofte meir lungeorm hos eldre dyr.
Larvane har også evna til å gå inn i ein slags dvale (hypobiose) og kan aktivere seg når det verkar som ei god tid å starte ny eggproduksjon. Geiter kan bli alvorleg sjuke av ein slik infeksjon, hos sauar er det som regel få symptom.
Behandling
Larvane frå den store lungeormen overlever dårleg på beitet om vinteren, medan dei små lungeormane som veks inne i sniglar, klarer seg betre. Best er det å førebygge problema med å sikre store og gode beiteareal, skifte beite oftast mogleg og å verne unge dyr mot sterkt nedsmitta beite på seinsommaren.
Blir dyra sjuke og det er naudsynt med behandling, er det ofte sikrast å gje heile besetninga ein injeksjon med parasittmiddel ved innsett om hausten.
Arve Nilsen
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.
Foto: Heiko Junge / NTB
Effektivisering er ikkje berginga
Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.
Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.
Foto: Heiko Junge / NTB
Jordskjelvet
Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.
Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.
Foto: Heiko Junge / NTB
Moralske kvalar
Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.
Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.
Foto: Paul Kleiven / NTB
Villrein i eit villnis
Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.