Luft i luka

Publisert Sist oppdatert

I lukene kan mangt og mykje henda. Ein fotballspelar som er god til å slå luke (‘slå tunnel’), finna luker på bana og gå i lukene, er lei å spela mot. I lukene på adventskalenderen finst det sjokoladebitar, fine illustrasjonar eller andre gilde saker. Men å sitja innestengd attom ei skalka lasteluke er mindre triveleg.

Ordet luke kan visa til ein lem eller ei lita dør til å stengja ei opning med (jf. kjellarluke), men me kan òg bruka luke om sjølve opninga (jf. billettluke, «sitja i luka»). Luke kan dessutan visa til mange slags mellomrom og tomrom, jamfør formuleringane «parkera i ei luke» (lukeparkera) og «få ei luke til resten av feltet». Luke er ikkje registrert i norrønt, og det kan sjå ut til at ordet er lånt frå lågtysk. Frå den kanten har me fått mange ord og vendingar som opphavleg hadde med sjøfart å gjera, til dømes ordlaget «skalka lukene»: Det tydde opphavleg ‘stengja, tetta lastelukene (på skip)’. «Luft i luka» er eit anna døme: Det vert nytta om ‘høg stemning; liv og røre’, men grunntydinga er ‘frisk luft i lasten (ved at skipsluka vert opna)’.

Låneordet luke høyrer til ein germansk ordfamilie der mange av arveorda våre òg høyrer heime. Luke er til dømes i ætt med lok (norr. lok), lykel (norr. lykill), lykkje (‘slyng eller bukting på tråd, snøre o.l.’, norr. lykkja) og lykt (som i endelykt, norr. lykt ‘ende, slutt, utfall’). Luke er òg i ætt med nokre nedervde verb som er sjeldsynte i dag, i alle fall i skrift. Eit av dei er luka (norr. lúka og ljúka ‘lata opp el. att; stengja inne; slutta’), som me finn i seiemåtar som «butikken var luka» (stengd) og «dei har luka slåtten» (er vortne ferdige med slåtten). Eit anna gamalt verb er lykta (norr. lykta ‘enda, slutta’), jamfør seiemåtar som «det lyktar med onna», som tyder at onna går mot slutten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement