Ord om språk
Løynlege møte
Grensa mellom løyning og ljuging er uklår. Ja, er det ei grense der i det heile? Ikkje om me skal tru dette ordtaket: «Den som lyg, og den som løyner sanninga, er båe like gode.» Å løyna seg bak vanskelege formuleringar kan verka harmlaust samanlikna med det å ljuga nokon rett opp i andletet, men i båe tilfelle held ein noko løynt for nokon. Mange ser helst at sanninga kjem fram, jamvel om ho er utriveleg: «Løynleg hat er verre enn synleg fiendskap.»
Verbet løyna (norr. leyna) ber på ein mørk løyndom. Ikkje berre har det mykje sams med ljuga: Det er i ætt med det òg. Ljuga skreiv eg om i 2013, her skal me samla oss om løyna. Ordet er nærskyldt hokjønnsordet laun, som i norrønt hadde tydinga ‘dulsmål, løyndom’. Det ser ut til at laun har stiltra seg ut or det norske folkemålet, men det er ingen løyndom at me finn det i bokmål i ordlaget «i lønn» (jf. dansk løn): «En fattig jomfru satt i lønn.» Av lønn kjem ord som lønnkammer og lønnlig.
Men me vantar ikkje ord, me som skriv nynorsk. Attåt løyna har me løynd, løyndom (eig. dativ fleirtal av løynd), løyne (‘gøymestad, smotthol’, inkjekjønnsord) løynleg og ei rad samansetjingar med løyn- og løynde- fremst, som løynmord (‘snikmord’), løynhøyrd (‘som læst som ein ikkje høyrer noko som blir sagt, ulydug’) og løyndenamn (‘dekknamn’). So har me løyndehuset (‘veslehuset’), der ein kan løynfisa fritt. Nokre nyttar løyndom om den delen av lekamen som oftast er løynd.
Om ein kan løyna seg for Guds augo, er vel tvilsamt. Det er ikkje alt som er løynande! Men dei som sit med makta her nede på jorda, tykkjer stundom at dei lyt løyna noko av det dei veit og held på med. Her finst statsløyndomar, forretningsløyndomar og diplomatiske løyndesaker. Når noko som skulle ha vore løynt, likevel vert ålment kjent, kallar me det ein offentleg løyndom. Redsla for løyndespel kan verta vel stor hjå nokre. Dei ser løyndelag (‘løynlege lag, samansverjingar’) alle stader.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.