JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2355
20170407
2355
20170407

Loketretta er det einaste diktet med trette i tittelen, etter norrønt Lokasenna. Nemninga senna vert gjerne nytta om ein verbal duell der deltakarane tevlar med hånsord i staden for våpen. Slike sennaer plar vera lette å kjenna att, og det er ikkje umogleg at folk i mellomalderen oppfatta såvorne ordstridar som ein eigen sjanger. Det vanlege er at ei senna kjem som innskot i større verk, til dømes i islendingesoger eller eddadikt. Dei tre fyrste heltedikta i Den eldre Edda inneheld alle ei senna, og her som elles dreiar skuldingane seg ofte om kjønnslege avvik. I Det fyrste kvedet om Helge Hundingsbane får Gudmund denne remsa i fleisen: «i mangt eit renn / reid eg deg trøytt, / svang under sal, / som ei simle fór du» (oms. Mortensson-Egnund).

Men så har me to gudedikt der dei trettar heile diktet igjennom. Hårbardskvedet er ei senna mellom Odin og Tor, og så har me Loketretta – Loke mot ruklet. Diktet opnar med ein prosastubb som knyter hendingane saman med det førre diktet: Ved hjelp av den store bryggjekjelen me høyrde om i Hymeskvedet, lagar Æge øl og bur til gilde åt gudane. Loke er med på festen, men så drep han den eine tenaren til Æge og vert jaga til skogs. Han snur og kjem attende, og her byrjar strofene i bunden form.

Kva hender då Loke kjem inn att i halla? Alle gudane tagnar, meir av redsle enn av irritasjon. Både før tretta kjem i gang og medan ho står på, prøver den eine etter den andre å roa ned situasjonen. Men Loke held fram med å fyra av dryge og ofte lågkomiske salver. Til dømes hevdar han at Frøya har lege med bror sin, og at ho fjerta då dei vart oppdaga. (Fjerten har Mortensson-Egnund sensurert i utgåva si.) Skuldingane vert sjeldan motsagde. Njord stadfester indirekte at dotter hans har lege med «kvar ås og kvar alv» i halla, og då Loke og Odin skuldar kvarandre for å ha fare åt som kvinnfolk, seier Frigg at det er best å ikkje snakka om det.

Kvifor fer Loke fram slik? Er det av vond vilje, eller vert han driven til det? Opptrinnet har noko uhyggjeleg ved seg: Ragnarok ser ut til å nærma seg – eit brot mellom Loke og gudane kan verta farleg. Me kan trygt seia at Loke vinn ordstriden, men han tapar på eit vis likevel, sidan Tor kjem og jagar han bort. Det fredelege gildet har fått ei stygg ripe.

Kristin Fridtun

Våren 2017 skriv Kristin Fridtun
om eddadikt.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.

Foto: Prime Video

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Moro for middelklassen

Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis