Livsfarleg kunnskap
Årelating i 1860, eit av berre tre kjende fotografi som skildrar denne prosedyren.
Fortida er forsvarslaus mot ettertida som akkurat no er vår notid. Slik kunnskapsutviklinga var vore i vår kultur dei siste tusenåra, vil ettertida alltid ha meir og betre kunnskap enn fortida. Folk som i fortida nytta den kunnskapen dei hadde, og gjorde så godt dei kunne, kan av vår tid få ein nådelaus dom. I si eiga tid hadde dei stor prestisje. Dei var på toppen av kunnskapen i si tid.
I medisinen og medisinhistoria er dette kanskje mest dramatisk. I medisinen står det om liv og død. Og medisinhistoria er full av forteljingar om behandlingar som var direkte skadelege, for ikkje å seie livsfarlege, ut frå det vi i dag veit.
Psykiatrien arbeider med menneskesinnet. Det er ein flyktig og vanskeleg materie, og historia er full av metodar som i dag er hardt dømde og forkasta.
For nokre tiår sidan var lobotomi ein vel akseptert metode for å stabilisere vanskelege psykiatriske pasientar. Eit inngrep i hjernen, der visse samband vart avskorne, roa ein uroleg pasient. I dag har gjennomgang av gamle journalar skandalisert metoden og sett han i den historiske skammekroken. Pasientane fekk mykje å slite med etter operasjonen. Nye plager kom.
Ein medisinsk metode som levde gjennom hundreåra, for ikkje å seie tusenåra, var årelatinga – å tappe blod av ein sjuk pasient for å få han frisk.
Utgangspunktet var ein tanke i antikkens medisin om at det finst fire kardinalvæsker i menneskekroppen: blod, slim, svart galle og gul galle. Vi har framleis tanken med oss i språket, når vi karakteriserer menneske som sangvinske, flegmatiske, koleriske eller melankolske, etter dei greske og latinske namna desse væskene hadde.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.