Livet etter døden
Purgatoriet: Illustrasjon til Divina Commedia av Dante Alighieri.
Døden avsluttar livet og har så gjort i all historisk tid. Han er kompromisslaus i si ferd og sine krav, og menneska har gjennom tusenåra gjort mykje for å mildne nådeløysa hans. Mange kulturar har forteljingar om menneske som lenge heldt han unna, og som vart eventyrleg gamle. Stamfedrane i Det gamle testamentet vart fleire hundre år gamle, eldst Metusalem som nådde ein alder på 969 år. Men så var også hans tid ute.
Det at alt er slutt, har vore ein tanke som har vore vanskeleg å akseptere. Slik kan det ikkje vere. Det er for urimeleg.
Og så har livet etter døden dukka opp. Døden er berre ein overgang til eit anna liv, på den andre sida.
Dette er dei fleste religionane stor sett samde om. Kristendommen har sine to inngangar på den andre sida av døden: gullgatene i Guds himmel for dei truande og evig fortaping i eldpølen for dei vantru. Slik var også tanken i jødedommen, slik evangelia fortel. Den rike mannen hamna i fortapinga, medan Lasarus kom til Gud. Islam har same skiljet. I himmelen deira skal martyrane bli spesielt godt tatt vare på. Dei vantru får heller ikkje der nokon plass. Våre norrøne forfedrar meinte at heltane, dei som fall i strid, kom til det gode liv med Odin i Valhall, medan andre kom til dødsriket, til Nivlheim. Grekarane hadde sitt dødsrike, regjert av Hades, med Karon som ferjemann dit.
Livet var ikkje slutt. Det hadde berre skifta form og arena.
Denne tanken om livet etter døden kom også til å forme tankane om livet før døden. Det var livet vårt og vala våre i dette livet som avgjorde kva lagnad vi skulle få i det evige neste livet. Bak døden ville vi møte konsekvensane av det jordiske livet vårt. Det var eit ansvar som kunne kjennast tungt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.