Ord om språk

Liv og røre

Publisert

Når haustmørkeret kjem sigande, er det lett å tolka alt av rørsler og låtar som livsteikn og koka i hop ville historier som ein skremmer seg sjølv med. Men som ordtaket seier: «D’er ikkje liv i alt som rører seg.» Den som rører om noko, har i alle fall liv i seg. Rørekoppar kan verta endå meir rørete med alderen, og lettrørte folk tykkjer radt at røret er rørande.

Orda røra, rørsle, røre og rør heng i hop, men bakgrunnen deira er noko ulik. Røra (norr. hrøra) og det avleidde substantivet rørsle (norr. hrørsla) er arveord. Det er likt til at røra kjem av eit adjektiv som tydde ‘kvik, kraftfull, sterk’. Det adjektivet er ikkje med oss lenger, men me har rørig (av røra), som tyder mykje det same. Me kan til dømes seia at einkvan er «rask og rørig».

So har me opprør, som er eit omsetjingslån (ty. Aufruhr). Grunntydinga til sistelekken ruhr er ‘verksemd, gang’. Hokjønnsordet røre har kome til oss gjennom dansk frå lågtysk. Det same gjeld berøra. Pårørande kjem av eldre dansk paarøre ‘stå nær, vera i familie med’. Røyr (som i avlaupsrøyr, bm. rør) har ikkje noko med denne ordflokken å gjera. Me har elles mange stadnamn som byrjar på Rør-, men dei òg plar koma frå andre ætter. I mange tilfelle er det fiskenamnet røyr (el. røye, av raud) eller rør (‘kant, rand’) som ligg attom slike stadnamn.

Medan me talar om fisk: Nokre likar å fiska i rørt vatn. Kan henda får dei sopa til seg noko rørleg gods på det viset? Andre likar å sitja urørleg på ein stein i urørt terreng. Her vart det ei samrøring av ulike røra-tydingar. Det får vera greitt, men merk at somme mest ikkje rører røra i tydingane ‘flytta, leda’ og ‘ta på, koma borti’. I staden nyttar dei røyva (som heng i hop med ruva): «Eg røyvde ikkje ein finger.» «Det er godt å røyva seg litt.» «Me har ikkje røyvt pengane.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement