Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Liv og lære

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2359
20190412
2359
20190412

Dei som er gode til å læra frå seg, kan gjera det skarpt som lærarar og lærebokforfattarar. Dei treng ikkje vera sprenglærde, men ein viss boklærdom må dei ha. Det er bra om dei er læreviljuge òg. Mange emne er so store og innfløkte at det er uråd for eit vanleg menneske å verta utlært eller fullært, og det er ikkje visst at lærenæme flogvit kjem i mål heller. Trøysta er at «ein lærer so lenge ein lever», dimed kan lærarar jamt læra seg nye saker som dei i neste omgang kan læra bort.

Verbet læra er eit låneord som har vore med oss lenge. Norrønt læra (‘undervisa, læra opp’) kjem anten frå lågtysk leren (‘læra, undervisa’) eller gamalengelsk l?ran (‘undervisa’). Læra har grunntydinga ‘få til å vita’, difor er det rimeleg at dei som gjev kunnskap, vert kalla lærarar. I mellomalderen var det vanlegast å nytta eit anna ordpar: verbet kenna (‘gjera kjend, læra’, eig. ‘få til å kunna’) og substantivet kennari (‘lærar’). Desse orda er framleis vanlege i islandsk: «Hún kennir mér frönsku.» (‘Ho lærer meg / underviser meg i fransk.’)

Kva kallar me dei som får eller eignar til seg kunnskap? Stundom nyttar me ord frå lære-ætta (t.d. læresvein, læregut, lærling), men som regel grip me til ord som elev (eig. ‘lyfta, heva; oppseda’) og student (eig. ‘ein som strevar etter noko, er ihuga’). Me kan like fullt bruka læra om aktiviteten deira. Med andre ord: Læra kan visa til både det å gjeva kunnskap («læra borna å lesa») og det å få eller vinna seg kunnskap («læra alfabetet», «læra å sykla», «ha lett for å læra»). I engelsk er det annleis. Der vert teach nytta om å undervisa, medan learn vert nytta om å ta til seg kunnskap. Ein learner er difor ikkje ein lærar, men ein elev. Frå engelsk har me dessutan lånt ordet folklore, og sistelekken -lore er i ætt med substantivet lære. Folklore er ‘kunnskapen åt folket’.

Me kan bruka lære om opplæring («gå i lære», jf. òg faglært og ufaglært); framstilling eller fag (rettslære); samling av læresetningar (truslære, ranglære, «den rette læra»). Hjå nokre menneske er det langt mellom liv og lære: Dei lever ikkje slik dei seier at me bør gjera. Dei kunne hatt bruk for ein lærepenge (eig. ‘løn, avgift som ein betalar for opplæring’). Og som ordtaket seier: «Betre ulærd og vitug enn lærd og uvitug.»

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis