Ord om språk

Lite gjennomtenkt

Publisert

Dei som likar gjennomgripande endringar, kan prøva å koma seg gjennom dagane utan å nytta preposisjonar, eller styreord, som dei òg vert kalla. Det skin vel igjennom her at tiltaket ikkje er gjennomførleg. Styreorda gjennomsyrer målet vårt. Gjennom målretta arbeid kan ein greia å styra unna visse styreord, men då skal ein vera godt over gjennomsnittet glad i å røyna seg sjølv.

Lesaren har gjennomskoda meg no: Det er ikkje ordgruppa styreord som er emnet for denne gjennomgangen, men ordet (i)gjennom. Dei som har gjennomgranska ordet, kan fortelja at gjennom kjem av det norrøne adjektivet gegn (‘høveleg, tenleg; rett, bein; truverdig, rettvis, god’), jamfør norsk gjegn (‘lagleg, grei, bein’) og svensk genast (‘straks’, eig. ‘beinast, rakast’).

Gjennom substantivering av inkjekjønnsforma til gegn har me fått gagn (eig. ‘det høvelege, tenlege’), som i sin tur har gjeve oss gagna. Når me les gjennom artiklane om samansette gagn-ord i Norrøn ordbok, ser me at gagn som førefeste mellom anna tyder ‘gjennom’ (t.d. gagnsénn ‘gjennomsynleg’) og ‘mot’ (t.d. gagnmæli ‘motmæle’, gagndyrt ‘med dører (opningar) midt imot kvarandre’).

Etter kvart slo gegn gjennom som styreord òg. I norrønt vart gegn (og í gegn) nytta som styreord med tydinga ‘imot’ og som adverb med tydinga ‘igjen, til gjengjeld’. Det går vel ikkje nett eit gisp gjennom forsamlinga når eg seier at gegn er nærskyldt tysk gegen (‘mot’) og engelsk again (‘igjen’) og against (‘mot’, opphavleg same ordet som again). Formene igjen og gjengjeld er elles komne til oss gjennom dansk. Gjennom skal vera laga av dativ fleirtal-forma til gegn: Norrønt gegnum (og í gegnum) vart nytta som styreord med tydinga ‘gjennom’ og som adverb med tydinga ‘fullt ut, heilt til enden’ (jf. «vera blaut all igjennom», «tvers igjennom»).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement