Kunnskap

Listeriose

«Sidan listeriabakteriar kan formeire seg i kjøleskap (4 grader) og utan oksygen, vil dei ha gode vekstvilkår i vakuumpakka og kjølelagra mat som er ferdig til konsum.»

Hjerne- og hjernehinnebetennelse er ein typisk sjukdom hos sau og geit som blir fôra med dårleg silofôr.
Publisert Sist oppdatert

Miljøet på jorda og i havet er svært annleis enn det var før menneska tok kontroll over alle ressursane. Vi et og vi skit, pløyer opp jorda og fyller på med kunstgjødsel og dyremøkk. Dei mikroorganismane som trivst i selskap med oss og avføringa vår, har gode vekstvilkår. Som ein naturleg konsekvens av dette deler dyr og folk mange av dei viktigaste smittsame sjukdomane. Bakterien Listeria monocytogenes kan gje sjukdomen listeriose, ei helseplage for folk og dyr, og eit aukande problem i mange europeiske land.

Listeria monocytogenes er vanleg i avføring, jord, vatn og mange matvarer, men hos oss er listeriose kanskje mest kjend som ein sjukdom hos sau og geit. Har du ei drektig søye som har slutta å ete og berre står og pressar hovudet mot veggen, kan det vere både mjølkefeber og fosterforgifting. Det kan også vere eit typisk tilfelle av listeriose. I skjemt silofôr med pH over 5, gjerne forureina med jord frå innhaustinga, kan det vekse store mengder listeria. Frå småsår i munnhola kjem bakterien seg inn i blodet og vidare til nervevevet.

Derfrå er det kort veg inn til hjernestammen, med ein livstrugande hjerne- og hjernehinnebetennelse som resultat berre eit par dagar seinare. Skadar på nervane som går ut frå hjernestammen, fører ofte til lamming av musklane på eine sida av hovudet. Munnvika, øyret og augelokket på eine sida heng slapt ned, den sjuke sauen siklar og liknar mest av alt på ein person med hjernebløding.

Listig

Listeriose smittar ikkje frå dyr til dyr, men bakteriane får vi i oss med mat, vatn eller jord. Vel på plass inne i kroppen har dei funne ein listig strategi for å lure immunforsvaret. Spesielle protein blir brukte for å kople seg til og trengje inn i cellene til verten. Til og med dei kvite blodcellene, kroppens eigen politistyrke, kan bli infiserte og vere med på å frakte bakteriane frå blodet og inn til dei mest sårbare og best beskytta stadene i kroppen, som hjernen eller morkaka.

Strategien er stort sett den same anten listeriabakteriane angrip ein sau, ein kval eller eit menneske. Hos menneske er det vanleg at folk er berarar av bakterien utan å bli sjuke. Nokon kan bli sjuke med noko som liknar ein lett influensa. Hos særleg sårbare, som gravide, eldre og folk som går på immunregulerande legemidlar, kan det bli langt meir alvorleg, i verste fall kan pasientane døy av akutt blodforgifting.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement