Teknologi

Likestraumsmaskin

Hans Christian Ørsted oppdagar elektro- magnetismen i 1820.
Publisert Sist oppdatert

Det er ei førelesing eg gjerne skulle ha vore med på, nemleg den Hans Christian Ørsted heldt i København i 1820. Der sende han sterk straum gjennom ein leidning og såg at eit kompass i nærleiken rørte seg kvar gong han slo på eller av straumen.

Det Ørsted oppdaga, var at når det går ein straum, vert det eit magnetfelt rundt straumen. Det er altså ein samanheng mellom elektrisitet og magnetisme. Naturen hatar endringar. Når straumen vert slått på, vert det bygd opp eit magnetfelt rundt straumleiaren for å hindra endring i straumstyrke. Når endringa er gjennomført, vert det lagra energi i dette magnetfeltet. Når så straumen vert skrudd av igjen, gjev magnetfeltet frå seg energien sin for å få straumen til å halda fram så lenge som mogleg.

Norpol og sørpol

Noko av det kjekkaste eg gjorde som liten, var å knekkja kjøleskåpsmagnetar. Mor vart fortvila, og eg vart fylt med kunnskap. Same kor mykje eg knekte dei i sund, vart det alltid ein nordpol og ein sørpol på dei knekte bitane. Det magnetiske feltet går frå nordpol til sørpol. Det eg lærte, er at det ikkje er magnetiske monopolar. Dei kjem alltid i par som nord- og sørpol. Dette står i sterk kontrast til dei elektriske polane (det vil seia ladningane), elektron og positron, som me lett kan skilja frå kvarandre. Det gjer at sjølv om elektrisitet og magnetisme er samanvovne fenomen, så er det mykje som skil dei.

Kvar kjem magnetismen i magnetane frå? Vel, i atoma spinn elektron, og det spinnet gjev opphav til magnetisme. Til vanleg er spinninga til elektrona uordna, men dersom ein utset dei for eit elektrisk felt mellom elektriske ladningar, kan ein få retta alt spinnet i éi retning og med dette få ein sterk magnet. Éin måte å gjera det på er å til dømes setja eit jarnstykke inn i ein straumførande leidning som er vinda som ein spole rundt jarnet. Spolen forsterkar straumens magnetfelt og sørgjer for at elektrona i jarnet rettar seg inn i retninga til magnetfeltet. Dette gjev ein sterk elektromagnet. For å laga permanente magnetar, à la kjøleskåpsmagnetar, pulveriser ein metall og «frys» pulveret slik at nær alle atoma peikar i same retning – og det gjev ein sterk magnet.

Elektromotor

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement