Mange av oss er sælekjære: Me likar å ha det makeleg og trygt. Kan henda er me snakkesæle kaffisæler (‘personar som er fælt huga på kaffi’) som helst sit inne og hyggjer oss i lag med vensæle folk når vêret er usælt. Det kan vera sælt å koma inn att etter ein tur i ruskevêret òg – ja, nokre får seg ein sælerus av slike turar. Men kva er samanhengen mellom vårt sæl og engelsk silly?
Arveorda sæle (norr. sæla) og sæl (norr. sæll) finst i mange germanske mål. Me veit at orda lenge har vore nytta om glede, hell og andre gode saker, men opphavet er uvisst. Nokre granskarar meiner at sæle og sæl kan vera i ætt med verbet så. Substantivet sæle kan i so fall ha endra tyding frå ‘såing’ til ‘såtid’ til ‘lagleg, rett tid’, medan adjektivet sæl har endra tyding frå ‘såtidig’ til ‘lagleg, tenleg’ til ‘god, lukkeleg’. I nokre mål finn me òg ein utvida variant av adjektivet: tysk selig, nederlandsk zalig, svensk, dansk og norsk salig (lånt frå lågtysk) og gamalengelsk gesælig, som i moderne engelsk har forma silly. Silly tyder ‘dum, tåpeleg’, og tydingsendringa kan ha vore slik: frå ‘glad’ til ‘velsigna’ til ‘gudleg, skuldlaus’ til ‘veik’ til ‘fåvitug, tåpeleg’. Noko liknande har hendt med dansk sølle.
Den kjende helsinga «heil og sæl» kjem frå norrønt. «Kom heill ok sæll!» kunne dei seia, og det tyder: ‘Gjev du må vera helsug og glad!’ Det hende òg at folk i mellomalderen nytta sæll om heilagmenne. Slik kan me framleis nytta det: Me kan seia «sæle Olav» i staden for «sankt Olav». Me kan jamvel nytta sæl om vanlege, avlidne folk (t.d. «som sæle Hansen pla seia», jf. salig). Sæl kan elles visa til folk som trur på eller nyt det ævelege livet i himmelen. Livet på jorda er avgrensa, og det er betre å sovna fredsælt inn enn å få ein usæl daude.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.