Leverpostei
For sunt til å slankast vekk.
Endeleg kvardag – med leverpostei.
Er overvekt vestens største helseproblem? Marknaden for vekttapsprodukt og -tenester er iallfall enorm – han omsette for 72 milliardar dollar i USA i fjor.
I august i år kom siste grein på stammen: ein slankeapp for born mellom 7 og 17 år. Appen Kurbo har møtt monaleg motstand frå foreldre så vel som forskarar som meiner born treng mindre – ikkje meir – prat om kva dei et. Men WW, tidlegare Weight Wathcers, som står bak appen, gjev seg ikkje: Overvekt blant born er eit av våre største helseproblem, og då må vi våge å snakke om det, hevdar dei.
Så kva har dette med leverpostei å gjere? Vi har då slankeappar for born her heime?
Nei, vi har ikkje det. Men vi har eit Helsedirektorat som driv facebooksida Helsa di. Her fortel dei oss mellom anna: «Spiser du to skiver fint brød med gulost og leverpostei hver dag, kan du spare kroppen for 16 kg fett over 10 år – bare ved å bytte til nøkkelhullsmerket brød, gulost og leverpostei.»
Nøkkelholet er Noregs offentlege merkeordning for sunnare matvarer. Dei variantane av produkt som inneheld mest fiber og fullkorn, minst metta feitt, salt og sukker, kan få sette nøkkelholmerket på varene sine. Helsedirektoratet ynskjer sjølvsagt at flest mogleg produkt skal bruke ordninga, og at flest mogleg av oss forbrukarar skal kjøpe produkta.
Det er mykje bra ved nøkkelholet. Å ete grovt brød framfor fint brød gjev til dømes ein udiskutabel god helsegevinst. Det inneber likevel ikkje at vi skal ta alt som kjem derfrå, for god fisk. For kva er det eigentleg dei fortel oss i reknestykket ovanfor?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.