JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Leverpostei

For sunt til å slankast vekk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Endeleg kvardag – med leverpostei.

Endeleg kvardag – med leverpostei.

Endeleg kvardag – med leverpostei.

Endeleg kvardag – med leverpostei.

3814
20191101
3814
20191101

Er overvekt vestens største helseproblem? Marknaden for vekttapsprodukt og -tenester er iallfall enorm – han omsette for 72 milliardar dollar i USA i fjor.

I august i år kom siste grein på stammen: ein slankeapp for born mellom 7 og 17 år. Appen Kurbo har møtt monaleg motstand frå foreldre så vel som forskarar som meiner born treng mindre – ikkje meir – prat om kva dei et. Men WW, tidlegare Weight Wathcers, som står bak appen, gjev seg ikkje: Overvekt blant born er eit av våre største helseproblem, og då må vi våge å snakke om det, hevdar dei.

Så kva har dette med leverpostei å gjere? Vi har då slankeappar for born her heime?

Nei, vi har ikkje det. Men vi har eit Helsedirektorat som driv facebooksida Helsa di. Her fortel dei oss mellom anna: «Spiser du to skiver fint brød med gulost og leverpostei hver dag, kan du spare kroppen for 16 kg fett over 10 år – bare ved å bytte til nøkkelhullsmerket brød, gulost og leverpostei.»

Nøkkelholet er Noregs offentlege merkeordning for sunnare matvarer. Dei variantane av produkt som inneheld mest fiber og fullkorn, minst metta feitt, salt og sukker, kan få sette nøkkelholmerket på varene sine. Helsedirektoratet ynskjer sjølvsagt at flest mogleg produkt skal bruke ordninga, og at flest mogleg av oss forbrukarar skal kjøpe produkta.

Det er mykje bra ved nøkkelholet. Å ete grovt brød framfor fint brød gjev til dømes ein udiskutabel god helsegevinst. Det inneber likevel ikkje at vi skal ta alt som kjem derfrå, for god fisk. For kva er det eigentleg dei fortel oss i reknestykket ovanfor?

To gram om dagen

16 kilo feitt over ti år vert jo 1,6 kilo i året. Det vert i overkant av fire gram om dagen, og om vi seier at halvparten av det kjem frå leverpostei, er vi nede i to gram. To gram feitt er det same som 18 kaloriar. All overvekt – og all sunn vekt – er sjølvsagt sett saman av slike enkeltkaloriar. Likevel er det heilskapen – og sluttresultatet – som har mest å seie: Lever inneheld såpass mange sunne greier som ikkje er lette å få i seg andre stadar, at viss det å skamlegge produktet fører til at vi ikkje et det, kan det få større negative konsekvensar enn 18 sparte kaloriar.

Lever har jern, det veit vi. Men òg folat, som vi gjerne har mangel på, vitamin B12 og feittløyseleg A-vitamin.

Ja, for utan feitt får vi ikkje i oss dei feittløyselege vitamina A, D, E og K. Hjernen vår er stort sett feitt, det same er nervane våre. Born treng jo feitt for å vekse. Dei treng næringstett mat – og få matvarer inneheld meir næring per gram eller kalori enn kjøtprodukt. Filmen frå Helsedirektoratet er ikkje retta mot born, men born får same maten heime som dei vaksne et. Dersom alt som er på bordet heime, er feittfrie produkt, kva signal sender det? Kva om vi i staden for å prate så mykje om kva vi ikkje treng, pratar om kva vi treng?

Jungelen treng kjøt

Eit program som ser ut til å gjere nettopp dette, er Matjungelen – Helsedirektoratets undervisningsopplegg for gode matopplevingar i skulefritidsordninga. Her er det råvarer og skapande matopplevingar som skal formidlast til borna.

Men – og dette er eit viktigare men enn det kanskje kan sjå ut som– kor er kjøtet? I oppskriftsbanken er her både oppdrettslaks og torsk og mange flotte grønsaker, men ikkje ei einaste oppskrift med kjøt.

Alle bør kunne vere samde om at vi må ete mindre kjøt i Noreg. Men kjøt må framleis vere ein del av dietten i eit beiteland som vårt. Og om vi vil at borna våre skal gjere sunne og berekraftige kjøtval, må vi våge å gje dei kunnskap om kjøt. Gjere dei trygge på råvara. Elles endar dei opp som ferdigmatslavar.

Då trur eg det må vere betre å gje dei leverpostei, med eller utan nøkkelhol, men uansett med mykje, mykje godt samvit.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dette er eit viktigare

men enn det kanskje

kan sjå ut som:

Kor er kjøtet?

Emneknaggar

Fleire artiklar

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis