Leikeplassar
Leikestativ på ein moderne leikeplass. Runde former, nylontau, plast og gummidekke gjer apparatet trygt å leika i.
Foto: Per Thorvaldsen
Eg ligg på toppen av eit gigantisk leikestativ og tenkjer i mitt stille sinn at dette er fantastisk. Barnebarnet mitt har opna auga mine for ei heilt ny verd fylt med teknologi. Dyktige ingeniørar saman med pedagogar har brukt all sin kreativitet for at me aldri skal gå lei av å utfordra eigen kropp og eigne sansar. Me dreg frå leikeplass til leikeplass og oppfører oss som ungar i ein godtebutikk der leikeapparata står i kø. Fyrst prøver me det eine, så det andre i ein evig runddans. Ho og eg vert aldri lei. Rett attved oss turnar ein godt vaksen mann i nokre andre apparat. No leikar alle generasjonar. Dette er det eg kallar framsteg. Kva hadde eg av leikeapparat i min barndom mellom blokkane på Landås i Bergen? Ingen. Rett nok likte eg å klatra i lyktestolpane og kjenna lukta av sink i nevane, men det var neppe eit samfunn lagt til rette for leik.
Eg får ein ubendig trong til å ringja ein professor. Kva er det som skjer? Det er berre å løfta røret og slå på strengen til Elin Eriksen Ødegaard, som er forskingsleiar for BARNkunne – Senter for barnehageforsking ved Høgskulen på Vestlandet.
– Kva er leik?
– Det veit du vel? Leik er mållaus morosam aktivitet som kan vera anten fysisk eller psykisk. Både vaksne og born leikar. Jamvel dyr nyttar leik. Barn elskar å leika, og leiken har ein viktig funksjon for barnekulturen, for å læra om korleis verda heng saman, og for at dei skal sosialiserast inn i vaksenlivet.
– Kva har skjedd med leikeplassane?
– Det du har observert, er framveksten av den nye generasjonen av leikeplassar der teknologi er teken i bruk i apparata og gir rom for det vi kallar intergenerasjonalitet og universell utforming. Born går ofte fort lei av enkle apparat, difor ser du no samansette konstruksjonar som inneheld sklier, klatrevegger, labyrintar, disser (husker), bommar for å halde balansen og trampolinar. På bakken er det lagt mjuk gummi, slik at ein ikkje slår seg om uhellet skulle vera ute. Plassane du har vore på, er bygde opp rundt ei mengd EU-direktiv som legg til rette for ein polstra barndom.
Har ein alltid hatt leikeplassar?
– Ei kan seia at leikeplassar er ein konsekvens av den teknologiske utviklinga. Då bilen dukka opp i byrjinga av det tjuande hundreåret, var ikkje gata lenger ein plass der ein kunne leika. Det vart då bygd eigne leikeplassar for born, gjerne i parkar og nær skular. I tillegg til at dei skulle vera trygge plassar for born der dei kunne utvikla motoriske og sosiale evner, ynskte ein sosial kontroll med borna. Den sveitsiske byplanleggjaren Gabriela Burkhalter peikar på eit paradigmeskifte i historia til leikeplassen. Førestillingar om born og det som er bra for born, endrar leikeplassane. I Noreg har natur- og friluftsaktivitetar sterke røter, og difor ser me leikeplassar utførte i naturmateriale og med store innslag av grønt. At barn skal involverast i digitaliseringa, slår ut i at nokre leikeplassar i dag har digitale og teknologiske element.
– Kva med det pedagogiske i leik?
– Samstundes som dei fyrste leikeplassane vart bygde, gjorde pedagogar som til dømes John Dewey det klårt at leik har verdi for læring. Å svinga seg rundt på disser, leike i sandkassar og klatre betra konsentrasjonen i skuletimane, og det vart mindre skulk.
Då eg var liten, leika me overalt. Kva med den frie leiken? Har den nokon verdi?
– Sjølvsagt. Når ein vitjar leikeplassar, ser ein ofte borna leika med heilt andre ting enn leikeapparat. Dei ynskjer å bruka eigen fantasi og kreativitet. I Danmark tok dei konsekvensen av det og laga «Skrammellegepladsen Emdrup» under den andre verdskrigen. Med såkalla verdilaust byggjemateriale fekk borna laga hytter i ein eigen liten landsby. Slike leikeplassar vart det fleire av i Danmark etter kvart, og ideen vart teken opp engelskmenn etter krigen, då borna fekk leika i ruinane.
– Ikkje rart at Danmark har mange dyktige ingeniørar. Har me noko av det same i Noreg?
– Vel, kanskje ikkje akkurat det same, men såkalla «Makerspace», som er vorte så populært over heile verda, er jo ein slags variant av ein skrotleikeplass der folk lagar ting med vekt på teknologi. Desse finn ein ofte saman med VilVite-senter. Du har eit på Marineholmen i Bergen. Det bør du vitja.
Korleis vil leikeplassar sjå ut i framtida?
– Dei vil verta laga slik at dei inviterer til djup leik som borna held på med lenge. Leikeplassane vil verta grønare, og ein vil byggja i høgda. Me på Høgskulen på Vestlandet samarbeider med Kina, der Anji-pedagogikken er veksande. Den er kjenneteikna av fri, minimalt strukturert djup leik og minner ikkje så reint lite om dei danske skrotleikeplassane.
Eg takkar for samtalen. Eg vurderer om eg skal ta ein tur til «Makerspace» på Marineholmen, men eg dreg til Landås i staden. Lyktestolpen står der enno. Er det mogleg å sjå Løvstakken frå toppen?
Per Thorvaldsen
per.eilif.thorvaldsen@hvl.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Leikeplassar er ein konsekvens av den teknologiske utviklinga.»
Elin Eriksen Ødegaard
Fleire artiklar
Slik vil det nederlandske kjøtlaboratoriet Mosa Meat selje stamcelleburgaren sin. Straks vert han å få kjøpt i Singapore.
Foto: Mosa Meat
Laboratoriekjøt
Stormeister Margeir Petursson (63) utanfor banken sin i Lviv.
Foto: Iryna Vorobjova.
Islendingen i Lviv