Leie lekamslyte

Publisert Sist oppdatert

Lytt til teksten:

Få av oss er utan last og lyte, eller som ordtaket seier: «Det er lyte med kvar gryte.» Og: «D’er langt å leita etter den som er lytelaus.» Nokre lyte er ljotare enn andre, og meinlytet – eit stort kroppslyte som hindrar rørsle (og valdar smerte) – er nok mellom dei verste. Men er det noko lyte på ordet lyte, tru?

Det måtte i so fall vera at arveordet lyte (norr. l¿ti) er lite nytta samanlikna med låneorda feil og mangel. Ordet sjølv kan vel ikkje lastast for det, og det er heller ingen fare for at lyte vert borttrengt i nær framtid. Ordet ter seg i både skrift og tale, anten åleine eller i samansetjingar som lytelaus, lytefull, ovlyte og storlyte. Slektningane til lyte er det verre med. Verbet lyta (norr. l¿ta) tyder ‘vera til lyte, skjemma; vanæra; lasta’, men det er ikkje ofte me støyter på dette ordet. Her er nokre bruksdøme frå Nynorskordboka og Norsk Ordbok: «Arret lytar henne framleis.» «Du skal ikkje lyta den du er glad i.» «Eg har mykje å lyta han for.»

Adjektivet ljot (norr. ljótr) står i ein slags mellomposisjon. Det er mindre kjent enn lyte, men meir kjent enn det nemnde verbet lyta. Ljot tyder ‘stygg; ufjelg; fæl’, og i målføra finst ordet i ymse former. Nokre seier ljote, andre seier ljøte, jote, jøt, jått eller liknande. Norsk Ordbok opplyser at ordet ljotveka («styggeveka») har vore nytta om menstruasjon. Både ljot og dei avleidde adjektiva ljotleg og ljotsleg kan nyttast forsterkande, jamfør seiemåtar som «det var ein ljotleg stygg bil». Samansetjingane ljotebeist, ljotfant, ljotfisk, ljoting og ljotsabb er nedsetjande nemningar som folk kan bruka når dei vil få fram at einkvan er mindre pen eller lite tiltalande.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement