Læraren

Læraren var kledd i dress på den nordlegaste internatskulen i landet, Nordkapp på Magerøya, i 1952.
Læraren var kledd i dress på den nordlegaste internatskulen i landet, Nordkapp på Magerøya, i 1952.
Publisert

Alle vaksne nordmenn har brukt nokre barneår under kateteret til læraren, eller lærarinna, som læraren ein gong heitte. Tidleg i 1950-åra gjekk eg på gymnaset på Bryne, saman med elevar frå strilelandet. Dei omtala læraren i heimbygda som skulen, skulin i andre bygder.

Læraren var skulen, og skulen var læraren.

I historia er denne figuren – læraren, med alle borna i lokalsamfunnet under kateteret sitt – ein debutant å kalle. Han dukka seint opp.

Grekarane hadde sine lycé og akademi, kinesarane hadde skular for embetsmennene, kyrkja hadde presteskular. Men å sleppe folk flest inn i kunnskapstempelet, var det få, om nokon, som tenkte på.

Først ute med skular for nesten alle var nok Nord-Italia. I Firenze i 1338 gjekk halvparten av borna i skulen, fordi det livlege handelslivet kravde at folk kunne lese og rekne. I andre land var det, samtidig, kongar som ikkje kunne lese.

Vi kom seint i gang. Biskopen i Kristiansand, biskop Hansen, ein av forfedrane til Kåre Willoch, skriv om skulestellet i ein rapport kring 1800: «(…) kun nogle Ugers, ja Dagers Undervisning (…) Skolelærerne vandre omkring, lide ondt (...) i usle, indknebne Røgstue (…) havde ikkun 2 til 4 Rdl aarlig, ja sine steder intet.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement