Medliding kan gjera godt for skadelidande, men liding er i det store og heile utriveleg. Det er ingen som brenn etter å vera hovudpersonen i ei lidingssoge og lida naud, lida urett, lida tap eller lida av fæle sjukdomar. Ordtaket seier rett nok at «det er ymist lettare å lida enn føre kvida». Med andre ord: Lidinga er ikkje støtt so ille som me trur på førehand. Men kven er det som lid når det lakkar og lid?
Li eller lida er eit gamalt sterkt verb som opphavleg tydde ‘gå, fara’. Denne tydinga er framleis med oss: Me har ei rekkje seiemåtar der lida målber at tida og andre saker skrid fram, jamfør: «Det lid åt helga.» «Dei kom då det leid mot kvelden.» «Det er ugreitt å ferdast der so langt lidande (d.e. so seint på året).» «Kva lid det?» (‘Kva er klokka?’) Me kan dessutan bruka lida når me vil seia at noko har gått langt og nærmar seg enden: «Hausten lid.» «Det leid med slåtten.» Ofte har det vore dativ i slike vendingar: «Det lid ertrom.» (‘Ertene er snart ferdig koka.’) «Det leid honom.» (‘Han låg for dauden.’) Ordlaget «lida av» kan me nytta om tid som går framom eller går til endes: «Mange år er lidne av.» Me kan òg nytta det om folk som «går bort» (døyr): «Han leid av i fjor.» Og då er han avliden.
Lida i tydinga ‘plagast, røyna naud eller pine; tola, halda ut’ kan me spora attende til gamalhøgtysk. Me veit ikkje for visst korleis denne tydinga voks fram, men me veit at ho snøgt kom inn i dei nordiske måla, der ho framleis svingar seg. Me kan lida mykje vondt og få lida for noko me har gjort. Eit ordtak seier at «den som ikkje vil lyda, må lida», men det er ikkje berre ulydnad som valdar liding. Jamvel føyelege personar kan verta råka av mageliding, sinnsliding eller andre lidingar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.