Lallagampen
Finalepartiet. På veggen heng ein mule som symboliserer Lallagampen.
Den største og mest snobbete sjakklubben i landet har alltid vore Oslo Schakselskap i elegante lokale på Oslo vest; skrivemåten åleine fortel alt. Eg har vore på vitjing i ein annan klubb berre nokre steinkast unna, i Lallakroken på Briskeby. Også denne er ein klubb med sjel og ei historie. I vegstubben til revyskodespelaren Lalla Carlsen ligg husværet til Bjørn Magnus Bliksrud (72). Med kombinasjonen «Magnus Carlsen» får ein spelelokalet til Lallagampen, skipa i 2004, fortel den pensjonerte gymlæraren frå Oslo Katedralskole.
Son hans, Martin Bliksrud, hadde dei fyrste sju–åtte åra vore sentral i den vesle, private klubben då han vart diagnostisert med hjernesvulst. Sjakken vart ikkje mindre viktig etter dette. Dei neste par åra var Lallagampen ein møteplass med ein terapeutisk effekt. Martin spela sjakk til det siste, til han døydde berre 32 år gamal. For far hans var sjakken framleis ei form for terapi, og han valde difor å halda fram med «Lallasjakken», der han kunne møta sjakkvenene til sonen.
Høgdepunktet i Lallagampen er no ei årleg minneturnering til ære for Martin. Faren har sjølv snikra eit sjakkbord i eik, der signaturen til Martin er gravert inn i messing. Petterøes bulldogg, ei tatovering sonen bar, er òg gravert inn i bordet. Finalepartiet i minneturneringa vert alltid spela på eikebordet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.