Frå sjakkverda

Lagnaden til minnemeisteren

Fekk han eit rom for natta, vart senga og golvet straks dekte av appelsinar, appelsinskrell, klede og sovjetiske sjakkblad.

Historia om Gilles Andruet (1958–1995) er ein gjengangar i «true crime»-sjangeren.
Historia om Gilles Andruet (1958–1995) er ein gjengangar i «true crime»-sjangeren.
Publisert

Forfattaren Jean-Philippe Toussaint vart hekta på sjakk i 1979, 21 år gamal. Han byrja vanka på det nye Pompidou-biblioteket i Paris, der ein hadde eit fast sjakkhjørne. Somme sat over sjakkbretta kvar dag, heilt til stengjetid. Ein dag dukka det opp ein frekkas som kasta eit blikk på dei andre før han sa: «Finn fram dei fem beste. Eg skal ta dykk i blinde.» Det var sonen til «Frankrikes Martin Schanche», Jean-Claude Andruet, europameister i motorsport (rally).

Toussaint skjøna ikkje kva fyren prata om, men snøgt stilte fem mann opp brett og brikker medan nykomaren sette seg på ein stol med ryggen til. Minnemeisteren Gilles Andruet vann blindsjakksimultanen 5–0 mot dei sjåande motstandarane.

Toussaint hadde aldri sett ein slik magikar. Dei to vart nære vener, ikkje av di dei hadde noko felles i sjakken, men av di minnemeisteren alltid hadde noko på hjartet som han ville dela, eller han hadde dameproblem, eller han vanta ein plass å sova. Fekk han eit rom for natta, vart senga og golvet straks dekte av appelsinar, appelsinskrell, klede og sovjetiske sjakkblad.

Gilles Andruet vart fransk meister i 1988. Han kjempa om sigeren året etter òg, men trekte seg frå sjakken etter ein blodig slåstkamp med ein konkurrent. I 1993 vann han store pengar på blackjack på europeiske kasino. Han hugsa alle korta som vart spelte, og rekna ut alle kombinasjonane. Han fekk speleforbod overalt. Den spelegalne gamblaren måtte gå over til rulett, som er rein flaks utan at minnet hjelper.

Andruet hamna i konstant pengetrøbbel, men så fekk han i 1995 ein stor arv. Han var svartelista av franske bankar, men gjennom kontaktar i gamblingmiljøet plasserte han pengane i ein marokkansk bank. Forfattaren og venen Toussaint vil ikkje skriva om det som no skjedde.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement