Lag på lag

Publisert

Bakken er dekt av eit islag mange stader no. Å lata vera å strøya er vel om lag det same som å gjeva folk det glatte lag? Nei, om me skal tru ordbøkene, er lånordet glatt her nytta i tydinga ‘heil, fullstendig’. Ordlaget «glatt lag» viser til heile rekkja med kanonar på ei skipsside. Når ein fyrer av alle samstundes, gjev ein fienden det glatte lag. I biletleg tyding skjeller ein ut nokon.

No vil lag ha eit ord med i laget, og me lyt vel gjera dette ordet til lags? Ikkje uventa er lag nærskyldt leggja og liggja. Lagleg og verbet laga kjem av lag, og substantivet lov (‘rettsregel, føresegn’) er i grunnen fleirtal av lag (norr. eintal lag, fleirtal lög). Aasen høyrde forma log (og løg) då han fór ikring, men mange stader var ho «ombyttet med den danske Form: Lov», som han skriv i Norsk Ordbog. Lagom og lugom er opphavleg dativ fleirtal av lag. Orda lagnad og lage («vera liv lage») kjem av lagen (eig. partisipp av leggja). Lage (‘arbeidsmengd, dagsverk’) høyrer òg til ætta.

Lag har slege seg i lag med ei rad ulike tydingar. Me kan nytta ordet om handfaste saker som dekkjer eitkvart eller ligg i hop, jamfør «eit lag måling», «lag på lag med ull» og «liggja lagvis». Det er vanleg å sjå føre seg at samfunnet er ihopsett av ulike lag, fylgjeleg talar me om samfunnslag, sosial lagdeling (stundom innanfor same grannelag) og dei breie laga av folket. Når grunnlaget og underlaget ikkje spelar på lag med oss, er me ille ute.

Ein flokk som samarbeider, er opplagt eit lag. Her finst jaktlag, sam(virke)lag, turlag, lærarlag, mållag, idrettslag og landslag. God lagoppstilling er ikkje nok i seg sjølv: Lagmoral, lagånd og laginnsats spelar òg ei rolle. Om me vinn, kan det henda at tilhengjarane vil halda lag (gjestebod, fest) for oss. I biletleg tyding kan me «ta ein for laget» og «spela på det andre laget».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement