Kyss katta!

Publisert

Du kan vera femten år og ukyst og likevel få kyssesjuka. Dette folkelege og ikkje heilt råkande sjukdomsnamnet legg stein til børa åt dei som ligg sjuke. Me kan verta smitta gjennom kyssing, men viruset er i grunnen ikkje so smittsamt, og det er ikkje naudsynt med direkte kroppskontakt heller. Å drikka av same flaska skal visst vera nok. Sidan det jamnast er ungdom som vert «kyssesjuke», er det lett å tenkja at livsførsla deira er grunnen, med andre ord at dei vert smitta fordi dei flyg ikring og kliner og klengjer styrlaust. Sanninga er vel at mange tenåringar går med uoppfylte kyssedraumar.

Slike draumar går gjerne ut på å kyssa ein hugtakande person på munnen – med eller utan tunge. Men kyssing treng ikkje ha noko med romantikk og kjønnsdrift å gjera. Å røra nokon med leppene kan vera eit endeframt teikn på omsut og venlege kjensler, som når born får ein godnattkyss på kinnet eller i panna. Om du vil signalisera at du reknar deg som underordna, kan du kasta deg ned og kyssa føtene til den eller dei som står over deg. Kyssing er òg tenleg dersom du vil dekkja over ei svikfull handling. Judas hjelpte den væpna flokken som skulle gripa Jesus, og korleis gjorde han det? Han hadde avtala med dei at den personen han kyste, han skulle dei ta (Matt 26,47–50). Judaskyssen er soleis ikkje noko å trå etter.

Verbet kyssa er gamalt og temmeleg vanleg i det språklege grannelaget vårt (jf. engelsk kiss, tysk küssen osb.). I norrønt høyrde kyssa saman med hankjønnsordet koss (‘kyss’), og den som var kossmildr, var gjevmild med kyssane sine. Koss kan ha vorte omlaga til kyss etter påverknad frå kyssa, og i dag kan me velja om me vil bøya kyss som hankjønnsord eller inkjekjønnsord. Til liks med smask har kyss-orda opphavleg vore ljodord.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement