Mat
Kvit jul
Kvit jul, denne gongen òg med kapers.
Foto: Dagfinn Nordbø
Det vert mykje no i jula. For ho har jo vore i gang lenge. Eg meiner: Julemarsipanen kom i juni. Seinare har det gått slag i slag. Peparkakeboksar går no for under fem kroner. Matkjedene slåst om å påstå at nettopp dei er billigast på alt, noko som er tvilsamt om ein ser på milliardoverskotet deira kvart år.
Imens rapar me lutefisk i oktober. Folk som ikkje er vane med å drikke, drikk i denne tida så mykje at dei sklir og ramlar om kull i penskoa utanfor restauranten Lorry, og det sjølv om det korkje er is eller snø i hovudstaden. Slik må det gå når folk i blådress drikk ribbefeitt frå høge stettglas og skyl det ned med ovdrykkje av juleøl og akevitt, med alkoholinnhald på høvesvis 10 og 40 prosent.
Den amerikanske versjonen av «Bjølleklang» har vore å høyre i supermarknadene i månadsvis. Den kriblande forventninga frå gamle dagar om kva ein kanskje får til jul, er erstatta med at far i huset ber ein julepapirinnpakka åttitommars flatskjerm inn i garasjen. På pakka står det «Til alle frå pappa», sjølv om heile familien veit at pappa har kjøpt han til seg sjølv for å kunne sjå helgefotballen endå betre.
Kvitteringa ligg ved sida av, og der står det at pappa har betalt med kredittkort, men pytt, den rekninga kjem ikkje før i januar. Kapitalismen har jo innretta det så viseleg at lykka varer i to minutt, mens hovudpina varer eit heilt år, kanskje tre.
Samtidig er avisene fulle av medister. Det duftar medisterkaker av Aftenposten om eg blar om til side 4. Det er nesten så eg ønskjer at eg var vegetarianar, men eg lovar alle at det går over etter nokre sekund. For som ein ven av meg seier, ingen kokar grønsakene dårlegare enn vegetarianarar. Det er vanlegvis nokre slappe saker utan tyggjemotstand i det heile.
Så i år går eg for kvit jul. Eg susar målbevisst inn i supermarknaden, styrer handlekorga rett mot ferskvaredisken og kjøper ungkarstrøyst, altså ein heil, steikt kylling. Kvitt kjøt, kvit jul. Middagen du kan gjere kva du vil med, gjerne ikkje noko i det heile. Ikkje så verst sunn er han heller, eg påstår no det, sjølv om kva mat som er sunn, ikkje er tema for mine spalter.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.