Kvinnekuppet på Utsira

Aasa Helgesen var ordførar på Utsira i 1926–1928.
Aasa Helgesen var ordførar på Utsira i 1926–1928.
Publisert

Historia er full av tilfeldige årstal. Ho ser ut til å fordele hendingar rundt på årstala utan nokon tydeleg plan, stort og smått om kvarandre.

Kloke folk har rettnok brukt mykje krefter på å finne mønster i historia, lange liner eller kva no mønsteret blir kalla. Det finst også dei som har brukt mykje tankekraft på å finne ut kvar historia har tenkt seg, kva framtida vil ha å by oss. Historia sjølv ser ut til å ta slike tankebygningar med sinnsro, både dei som lagar mønster i fortida, og dei som lagar mønster for framtida. Tankar som var god historietenking for hundre år sidan, er i dag museale. Samfunnssystem som kjende framtida og som skulle føre oss dit, ligg i dag i ruinar.

1925 er eit av desse tilfeldige årstala der sentrale aktørar sette spor. Lenin var akkurat død. Adolf Hitler var akkurat sett i fengsel, dømd for ølstovekuppet i München. Einar Gerhardsen var eit par år før vald til sekretær i Det norske Arbeidarparti. Og på Bryne hadde dei akkurat starta ein ny skule: Rogaland landsgymnas.

Midt i denne globale og lokale dramatikken sette kvinnene på Utsira i gang eit opprør som fekk menn til å skjelve og riste på hovudet. Kvinnfolk!

Etter folketalet er Utsira den minste kommunen i landet, 221 innbyggjarar i 1988. Ingen tettstader, står det i leksikonet. Det var politisk strid på Utsira. Mange meinte at dei tolv mennene i heradsstyret hadde oppført seg dumt i ei sak om skattlegging. Dei hadde oppført seg som ein gjeng med kvinnfolk, vart det sagt. Ein innflyttar høyrde dette. Han reagerte med å sette opp ei rein kvinneliste til valet, stort sett fylt med konene til karane i heradstyret.

Det gamle styret stilte også til val og rekna med å bli attvalde. Så skjedde ikkje. Det nye heradsstyret vart éin mann og resten kvinner.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement