Me kan ikkje kvila hovudet i hendene medan hendene kviler i fanget, og det er vel ikkje so lett å kvila augo på eit kvileskjer (eig. ‘(langt) skeisetak der skeiselauparen kviler eller ser ut til å kvila’) heller. Å kvila middag midt i våpenkvila går derimot fint. Under store tre er det god kvileskugge, og møbel er slett ikkje naudsynt, om me skal tru ordtaket: «Ein kan kvila so godt på ein stein som på ein stol.»
Jamvel om me kan kvila godt utan møbel, har hokjønnsordet kvile lenge vore nytta om det møbelet me kviler mest i. Norrønt og islandsk hvíla tyder ‘seng’, og ordet kan òg nyttast slik i færøysk og mange norske målføre, jamvel om seng (fær. song) er vorte hovudnemning mangstad. Samansetjingane kvileklede og kvileliggjande tyder ‘sengklede’ og ‘sengliggjande’, og ordlaget «fara i kvila» har vore nytta om kvinner som skal føda (jf. «liggja i barselseng»).
Den eldste kjende tydinga til kvile er ‘stode med ro; kvilestad’. Slik sett er det rimeleg at me kan bruka kvile om både ‘ro, stogg, avslappa tilstand’ og ‘stad der ein tek det med ro, lege, seng’. Mange nyttar helst kvild når dei talar om ro og stogg («få seg ei lita kvild»). Elles har me verbet kvila og inkjekjønnsorda kvile («Gud signe kvilet!») og kvilande (‘det å kvila; kvilestilling; arbeidsøkt; veglengd ein kan gå i eitt utan å kvila; kvilestad’). Hankjønnsordet kvil er ei temmeleg ung form. Merk elles at det er substantivet kvile som løyner seg bak tysk weil (‘fordi, sidan’), nederlandsk wijl (‘fordi’) og engelsk while (‘medan’). I desse måla har kvile truleg endra tyding frå ‘ro, kvilestad’ til ‘tid der ein kviler’ og ‘tid, stund’, som so har vorte funksjonsord.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.