JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Kvilelaus i kaffikvilda

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2364
20200529
2364
20200529

Me kan ikkje kvila hovudet i hendene medan hendene kviler i fanget, og det er vel ikkje so lett å kvila augo på eit kvileskjer (eig. ‘(langt) skeisetak der skeiselauparen kviler eller ser ut til å kvila’) heller. Å kvila middag midt i våpenkvila går derimot fint. Under store tre er det god kvileskugge, og møbel er slett ikkje naudsynt, om me skal tru ordtaket: «Ein kan kvila so godt på ein stein som på ein stol.»

Jamvel om me kan kvila godt utan møbel, har hokjønnsordet kvile lenge vore nytta om det møbelet me kviler mest i. Norrønt og islandsk hvíla tyder ‘seng’, og ordet kan òg nyttast slik i færøysk og mange norske målføre, jamvel om seng (fær. song) er vorte hovudnemning mangstad. Samansetjingane kvileklede og kvileliggjande tyder ‘sengklede’ og ‘sengliggjande’, og ordlaget «fara i kvila» har vore nytta om kvinner som skal føda (jf. «liggja i barselseng»).

Den eldste kjende tydinga til kvile er ‘stode med ro; kvilestad’. Slik sett er det rimeleg at me kan bruka kvile om både ‘ro, stogg, avslappa tilstand’ og ‘stad der ein tek det med ro, lege, seng’. Mange nyttar helst kvild når dei talar om ro og stogg («få seg ei lita kvild»). Elles har me verbet kvila og inkjekjønnsorda kvile («Gud signe kvilet!») og kvilande (‘det å kvila; kvilestilling; arbeidsøkt; veglengd ein kan gå i eitt utan å kvila; kvilestad’). Hankjønnsordet kvil er ei temmeleg ung form. Merk elles at det er substantivet kvile som løyner seg bak tysk weil (‘fordi, sidan’), nederlandsk wijl (‘fordi’) og engelsk while (‘medan’). I desse måla har kvile truleg endra tyding frå ‘ro, kvilestad’ til ‘tid der ein kviler’ og ‘tid, stund’, som so har vorte funksjonsord.

Kvile er dessutan i ætt med latin quies (‘kvile, ro’), som ligg til grunn for engelsk quiet (‘ro, fred’; det er òg eit adjektiv ‘still, fredeleg’ og verb ‘døyva, stilla’). Den som vil ha det «quiet», kan fara på kvilerom eller kvileheim, nyta kviledagen eller kvila på laurbæra. Nokre tek jamvel eit kvileår. Me må likevel hugsa at «måteleg kvilt er inga tid spilt». Det er ikkje støtt so lett å finna rette jamvekta mellom arbeid og kvile, men ansvaret kviler på oss sjølve. Til sist skal me kvila æveleg alle saman. Nokon skal fylgja oss til siste kvilestaden, der me vonleg får kvila i fred.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis