JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Kvifor et vi egg, men ikkje mjølke?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Fersk torskerogn i ein balje på eit fiskemottak på Røst.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

3691
20170331
3691
20170331

Sjølvsagt er ikkje vi menneske rasjonelle når vi vel kva vi vil ete og kva vi ikkje vil ete. Det er ikkje alltid logisk kva vi ser på som ekkelt eller delikat, sunt eller usunt, festmat eller «fortmat». Likevel er det smått merkeleg at vi utan å tenke over det, legg i oss kvinnelege – skal vi kalle dei forplantningsaktivum som egg og rogn, medan vi like automatisk avviser dei mannlege motpartane.

Sauetestiklar, til dømes, ser ut som torskerogn pakka i ein rund pose, men smakar som sau. Testiklane skal kokast ei god stund, skjerast i skiver og steikast i smør i steikepanna – kvardagsmat godt som noko. Likevel vil mang ein kjøpmann og kokk sjå rart på deg om du spør kvifor det ikkje er å finne verken i hyller eller på menyar.

Mjølkemangel

Prinsippet om å nytte heile dyret heng fyrst og fremst saman med dyreverda, men kan – og bør – absolutt overførast til symjande mat. Men vi bør vere budde på at eitt og anna vert endå eit hakk rarare i sjøen enn det er på land; det er nok ikkje utan grunn at dei fleste listene over rar mat inneheld mest sjømat.

For ein månads tid sidan var eg på fisketur med overordna mål om å bruke alt på fisken vi fanga: lever vart tran, rogn vart salta til kaviar, beinrestar kokte vi lim på, og hovudet på den 19-kilos premietorsken vart eit festmåltid der auga vart nøye fordelte mellom oss. Men på eitt punkt stoppa det: mjølken i ein sju kilo tung gutesei. Nettverket av kvite klumpar var i og for seg både blankt og skinande, ikkje så ulikt nytrekt torsk. Likevel: Mjølken enda sine dagar i komposten.

Seinare har eg lært at mjølke frå torsk sjølvsagt er ein delikatesse i Japan, der det går under namnet shirako, og at russarar gjerne syltar mjølke frå sild. Sjå etter moloka om du er austafor og sugen på å prøve, og rapporter gjerne attende om opplevinga.

For min eigen del trur eg det å ete mjølke ligg eit stykke fram i tid. Lat oss førebels klappe oss sjølve på skuldra for at vi et såpass store delar av fisken som vi trass alt gjer – særleg no, når det er tid for rogn frå torsk og skrei, med mykje protein, omega 3, A- og D-vitamin og smak av sjø.

Skal du kjøpe fersk rogn, sjå til at hinna kring rogna er heil, og legg henne på toppen av berenettet medan du fraktar henne heim. Vel heime pakkar du heile rogna inn i bakepapir eller eit reint kjøkkenhandklede, før du lèt henne trekke i salta vatn saman med nokre laurbærblad i om lag ein halv time. Server rogna som ho er, eller skjer skiver og steik i smør – nett som du gjorde med sauetestiklane.

Nykokt rogn

Høyrest dette for komplisert ut, er det – så vidt eg har fått med meg – ei nyvinning på plass i butikkane i år: ferdig kokt torskerogn, utan noko fiksfakseri. Kvifor har vi ikkje hatt det før, kunne vi spørje, om vi var i det hjørnet, og så kunne nokon svare at det har vi jo hatt: Vi har hatt torskerogn på boks.

Vi har framleis torskerogn på boks, det vil seie hermetikkboks, av merket Sunnmøre, produsert av Marin Foods.

Men les ein innhaldslista, ser ein at det er ikkje berre rogn i boksen. Rogna er spedd ut med vatn og rapsolje, før ein har blanda i kassavastivelse for å få att konsistensen, og tilsett tomatpuré, kanskje for å få rosafargen attende? På framsida av boksen står det torskerogn, medan innhaldslista syner at rogna kjem både frå torsk og sei. Når resultatet er eit produkt som kostar meir enn den ferske utgåva som berre er kokt, 124 mot kring 100 kroner per kilo, er det lett å velje.

Kjøper eg Sunnmøre Torskerogn? Nei takk, eg held meg til ferskvare og finn kokt rogn frå fleire produsentar i ferskvarehyllene.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er nok ikkje utan

grunn at dei fleste

listene over rar mat

inneheld mest

sjømat.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis