Kven skal utfordra Carlsen?Magnus Carlsen gler seg til kandidatturneringa som byrjar den 10. mars i Berlin. Han skal ikkje spela sjølv, men han får endeleg veta kva dei andre veit. Ingen av dei åtta kandidatane kan lenger halda noko løynt, slik dei har gjo

Carlsen ynskjer seg Caruana (til venstre) eller Aronjan.
Carlsen ynskjer seg Caruana (til venstre) eller Aronjan.
Publisert

Magnus Carlsen gler seg til kandidatturneringa som byrjar den 10. mars i Berlin. Han skal ikkje spela sjølv, men han får endeleg veta kva dei andre veit. Ingen av dei åtta kandidatane kan lenger halda noko løynt, slik dei har gjort i lang tid. Kvar kjem den neste opningsrevolusjonen?

I VM-kampen mot Garri Kasparov i 2000 introduserte Vladimir Kramnik berlinforsvaret i spansk, ei opning som hadde forsvunne frå toppsjakken hundre år tidlegare. Etter at Kramnik slo Kasparov, skulle berlinforsvaret dominera laboratorieanalysane heilt fram til VM-kampane til Carlsen mot Anand og Karjakin. Kramnik, den djupaste opningsteoretikaren i sjakkverda, er på plass i Berlin. Kva har han førebudd denne gongen? Det kan vera den siste sjansen for den 42 år gamle russaren til å få møta Carlsen i ein VM-kamp.

For eit par år sidan gav amerikanaren Wesley So nytt liv til italiensk opning. Opninga var populær på 1500-talet og seinare i skulesjakken på 1900-talet, men ikkje på toppnivå. No spelar alle slik. Har So fleire revolusjonerande nye idear i bakhanda?

Sjakhrijar Mamedjarov, Levon Aronjan og Ding Liren spelar dronningbonden fram med kvit. Korleis skal dei vinna mot slavisk forsvar? Det vil Carlsen gjerne veta – og svaret kjem i mars. Kva med russarane Sergej Karjakin og Aleksandr Grisjtsjuk? Vil dei vera trufaste mot berlinforsvaret – eller har dei funne eit nytt system?

Til sist: Amerikanaren Fabiano Caruana er den mest seriøse av alle i verdstoppen. Han spelar ei rad hovudvariantar med både kvit og svart, alltid oppdatert på siste mote. No får vi endeleg sjå kva han eigenleg tykkjer er best.

Carlsen har trena med Aronjan, Ding Liren, Kramnik og So ved ulike høve, men berre no – når ein VM-kamp står på spel – vil dei måtte vera heilt ærlege.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement