Kven er historikaren?
Ernst Sars var ein dominerande og omstridd historikar på 1800-talet.
Foto: Wikipedia
Historieskriving i vår meining av ordet starta i antikken, i Hellas og i Roma. Store antikke historikarar ruvar framleis, som Herodot og Tukydid i Hellas, Livius, Sallust og Tacitus i Roma. Desse historikarane åtte lenge den autoritative sanninga om tida dei skreiv om. Antikken var idealsamfunn.
Men etter kvart tok historikarane i bruk mange andre slag kjelder, som arkeologiske funn, samtidige tekstar av ulikt slag, lover og andre juridiske tekstar. Og kjeldene fortalde andre historier. Utgravingane i Pompeii, og bileta på veggene der, fortalde om kvardagsliv, og til sjokk for nokre, om seksualliv. Antikken steig ned i kvardagen. Erling Sandmo skriv om dette i boka Tid for historie, om historie og historieskriving.
Dei antikke historiebøkene er fulle av talar. Politikarar, generalar, filosofar og andre talar ustoppeleg, gjerne for å elde opp soldatar, vinne folket eller for å vise vegen for folk og samfunn. Talane var gode, og dei vart mykje lesne og studerte.
Mot slutten av 1600-talet vart historikarane mistenksame til talane. I dei antikke historieverka kom folk frå mange land, frå ulike samfunnslag, og dei var i ulike dramatiske livssituasjonar. Men tale gjorde dei, persarar, grekarar og romarar. Ein fransk historikar påviser at skytarane, som ikkje eingong hadde skriftspråk, var fullfarne i retorikk, etter dei refererte talane å dømme. For talane var så like, uansett kven talaren var og når talen vart halden.
Kva som vart sagt i talar for fleire hundre år sidan, med den tids mediesituasjon og arkivmangel, var det jo uråd å vite. Historikarane som skreiv talane, skreiv ut frå si eiga tid og måla dei meinte det var viktig å sikte mot. Talane i dei antikke historieverka var prega av samtida historikarane levde i, ikkje av tida talaren levde i. Og historikarane brukte dei strålande, sjølvskrivne antikke talane til å påverke si eiga samtid, som samtidspolitikarar.
I 1566 gav franskmannen Jean Bodin ut ei bok som vekte sterk debatt. Han meinte at dette framleis var situasjonen – at historikarane skreiv historie på same måten. Framleis var måten dei framstilte fortida på, prega av haldningar dei hadde til si eiga samtid.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.