Natur
Kvass immigrant
Skarp, sær og upraktisk. Kva er det med apeskrekken som vestlendingane ikkje får nok av?
Blada på apeskrekken, kvasse skjel, gjer arten umiskjenneleg.
Foto: Jakob Hustad
Naboen min eig det som best kan skildrast som ein botanisk hage. Mellom alle dei spesielle vekstane er det særleg eitt tre som fangar merksemda til forbipasserande: apeskrekken (Araucaria araucana). Med sitt reptilaktige, nesten skremmande ytre ser han ut som eit levande fossil.
Det eviggrøne bartreet stammar frå Andesfjella mellom Chile og Argentina, der det spelar ei tilsvarande rolle for pehuenche-folket som reinsdyret gjer for samisk kultur. I eit reservat sankar kvar familie i snitt over eitt tonn konglefrø kvart år. Det er imponerande mykje – det årlege potetforbruket i Noreg har sjeldan vore større enn 90 kg per person.
Brukt som jernbanesviller
Apeskrekken vart lenge utsett for omfattande hogst, ikkje minst til bruk som jernbanesviller. Sidan 1990 har treet vore freda, men framtida er framleis usikker – skogbrannar, landbruk og framande artar legg konstant press på den attverande bestanden i heimlandet.
Paradokset er at populariteten til apeskrekken gradvis har svekt den opphavelege sjarmen som sjeldan vare. Etter at planteskulane byrja å kommersialisere arten på 1970-talet, har treet vore eit ettertrakta ornament, og det som ein gong var små og søte planter, har no vakse seg til store blikkfang.
Det byrja i 1780
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.