Kvar vart dei av?I dataprogrammet Turneringsservice, laga av sjakkentusiasten Harald Heggelund, kan ein fylgja resultat over tid. Vi skal fylgja Sven i miniputtklassen i landsturneringa på Gausdal i 1999.

Hans Olav Lahlum skreiv i 2013 boka Et kvart liv: Håvard Vederhus 1989–2011.
Hans Olav Lahlum skreiv i 2013 boka Et kvart liv: Håvard Vederhus 1989–2011.
Publisert

I dataprogrammet Turnerings-
service, laga av sjakkentusiasten Harald Heggelund, kan ein fylgja resultat over tid. Vi skal fylgja Sven i miniputtklassen i landsturneringa på Gausdal i 1999.

I fyrste runde tapte Sven mot Stefan Randeljovic frå Nordstrand. Stefan gav seg med turnerings­sjakk i 2004. I andre runde slo Sven ein spelar frå Kragerø, Bendik Svendsen, som gav seg i 2005. I tredje runde spela Sven remis mot Thomas Lie frå Porsgrunn. Eg finn ikkje fleire spor av Thomas i norsk sjakk. I fjerde runde tapte Sven mot Audun Brekke Fløtten frå Modum. Audun har ikkje fleire resultat i Turneringsservice. Han er i dag profesjonell syklist, og i sjakken mest kjend som ein av fem sjakksysken med sjakkfar Øystein Brekke. «Mr. Norsk Sjakk» skriv bøker og sel alt i sjakk gjennom Sjakkbutikken i Drammen.

I femte runde vann Sven mot Daniel Thomassen frå Alta. Daniel har ikkje fullført ei turnering sidan 1999, men synte seg i miljøet éin gong i 2007. I sjette runde vann Sven mot Christian Elboth frå Nittedal. Han gav seg etter 1999, men byrja spela på nytt i 2013, då Carlsen vart verdsmeister. I sjuande runde tapte Sven mot Tobias Kolbu frå Oslo som ikkje har registrert fleire turneringar. I åttande runde vann guten mot Eldbjørg Blikra Vea frå ein stor sjakkfamilie i Stavanger. Ho gjorde comeback i NM på heimebane i 2017. I niande runde spela Sven remis mot Arne Selle frå Hauge. Arne gav seg i 2003. Deretter slo han Håkon Øksnevad frå Nittedal, son av eldsjela Arild Øksnevad som har drive sjakkundervisning i 40 år. Håkon spela sitt siste NM i 2004.

I siste runde tapte Sven mot sterke Håvard Vederhus frå SK 1911 i Oslo. Vederhus kom på 4. plass i miniputt. Han vart leiar i Oslo AUF og døydde på Utøya i 2011.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement