JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Kva vil framtida gi?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den første dampturbindrivne båten, «Turbinia», vart bygd av C.A. Parsons i Storbritannia i 1894. Biletet er teke i 1897 eller 1898.

Foto: Wikipedia

4286
20190614
4286
20190614

Det er Åge Aleksandersen som spør over vogga til sonen sin. Han kjenner ikkje svaret, men han har ei von og eit ønske: mykje lys og mykje varme.

Formuleringa hans er ei presis formulering av det den industrielle revolusjonen har levert dei siste par hundreåra. Poenget med den industrielle revolusjonen er at han utvikla ein teknologi som gjorde det mogeleg å utløyse oppsamla og bunden energi og setje han i arbeid. Kolet kunne takast i bruk og erstatte veden, som var i ferd med å bli mangelvare. Og maskinane kunne starte.

Når vi flyg inn over Oslo mot Gardermoen ein sein kveldstime, ligg byane som store lysflekker under oss. I desse byane bur folk godt og varmt, same kva årstida er.

I historia er dette svært nytt. I den norske vinteren var det mørket og kulda som rådde. Det var livets vilkår. Den industrielle revolusjonen, med teknologien og energibruken sin, har endra dette. Framleis kan vinteren vise makta si og stelle til dramatikk, men nordmenn sit ikkje lenger i mørket og frys. Vi har fått mykje lys og mykje varme.

Parallelt med denne utviklinga har det levt ein grunnleggjande skepsis til det ho fører med seg. Det byrja alt i Kina, då dei som dei første byrja å ta kolet i bruk til fyring. Naturen og det gode landlivet ville ta skade av det nye. Hos oss har vi hatt våre konfliktar om kraftutbygging og oljeutvinning. Industriutbygginga i det vakre Hardanger, med Odda, Ålvik og Tyssedal, møtte sterk motstand.

Og industrien har aldri fått den plassen i litteraturen som jordbruket fekk. Dagros og livet på sætra vandra trufast gjennom skuleverket, medan dampmaskinen fekk greie seg med fysikktimane.

I Das Kapital slår Karl Marx fast at om eit land som til dømes USA legg storindustrien som grunnlag for utviklinga si, også i jordbruket, vil landet øydeleggje seg sjølv og kjeldene til rikdom.

Framtida var usikker, også då. Og forvirringa rådde. I 1899 hevda sjefen for det amerikanske patentverket at no var alle oppfinningar gjorde. Nokre år seinare hevda Lord Kelvin, president i vitskapsselskapet, at fysikken no var ferdigutvikla. Vi var i mål. Og så kom Albert Einstein.

Optimistane var mange. Mandel Creighton, biskop og historikar, slo fast at historia vår byggjer på den vitskaplege hypotesen om at manneætta stendig går framover. Slik var det, vitskapleg fastslått.

Oppfinnarane, som Thomas Edison, vart heltar for framtidsoptimismen. I 1870-åra kom det ut ei bok om oppfinnarane. Der blir dampmaskinen, døropnaren for den industrielle revolusjonen, løfta mot skyene: «Dampmaskinen, som meir enn noka anna nyvinning, meir enn Alexanders tog til India, meir enn oppdaginga av Amerika, har omskapt livsvilkåra for menneska, har fjerna avstanden mellom folka, har avskaffa dei politiske og nasjonale grensene, har tusendobla kreftene, har gjort det billegare å byggje, har lindra fattigdommen, fordi han utjamnar ved å sende overskotet dit nauda rår, han mangedoblar det dyraste vi har, som er vår levetid, og han løfter mennesket eit trappesteg opp ved å frigjera mennesket frå mykje mekanisk og grovt arbeid.»

Så langt lovtalen over det dampspyande og røykspyande vedunderet som sette alt i gang, berre hundre år gammalt då dette vart skrive.

Mennesket har definisjonsmakt over den verda vi lever i, das Ding für mich, som Kant sa. Somme kan oppleve jorda som ein jammerdal, medan andre kan oppleve den same jorda som ein god stad å vere. For nokre er industrien berre larm, støv og naturforderving. For andre er han velstand og fridom.

Utviklingsoptimismen er éin måte å møte framtida på. I historia dukkar han opp her og der, før han blir borte og dukkar opp igjen. Han lovar ei betre framtid.

Men han har problem med røyndommen, og han lever eit usikkert liv. Og framtidstrua skifter med tid og vilkår.

I førre hundreåret var det politiske rørsler som satsa stort på å love ei strålande framtid. Optimismen var stor. Det enda i katastrofar.

Industrien lova lettare arbeid og stor rikdom. Han heldt ord. Framtida vart det han lova. Det vart mykje lys og varme.

No sender naturen oss meldingar som kan tyde på at det vart i meste laget av lys og varme. Den ureflekterte entusiasmen og utviklingsoptimismen ved industri og energibruk er neddempa.

Optimismen er ein ustabil tankemodell. Det har han alltid vore.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Thor Magnus Tangerås debuterte som lyrikar i 2022.

Foto: Tove K. Breistein

Meldingar

Flyg høgt

Thor Magnus Tangerås skriv ujamt om naturen og teknikken i Landskap med vindturbinar.

Kjetil Berthelsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis