Kva tid vart Jesus fødd?Tida er eit mysterium menneska har brukt mykje tid på å fatte og gripe. Vi lever og reiser i tida. Ein gong blir vi sette inn i tida, og ein gong er vår tid ute. Eg veit godt kva tida er, sa kyrkjefaderen Augustin, til dess nokon sp
Målarstykket «Jesus med armane falda» av Rembrandt Harmenszoon van Rijn.
Tida er eit mysterium menneska har brukt mykje tid på å fatte og gripe. Vi lever og reiser i tida. Ein gong blir vi sette inn i tida, og ein gong er vår tid ute. Eg veit godt kva tida er, sa kyrkjefaderen Augustin, til dess nokon spør meg om det. Då veit eg det ikkje lenger.
Dagens astronomar, kosmologar og fysikarar bruker mange krefter på å forklare og skildre tida. Ho starta ein gong, og ein gong skal universet kolne og døy. Og då døyr også tida. Då er tida ute, også for tida. Eg trur ikkje dette lèt seg forstå. Eit univers som døyr og vert borte, og tar tida med seg, har vi ikkje tankekraft og fantasi til å fatte. Her melder tanken pass.
Gjennom historia er det lagt ned eit stort arbeid på å ordne tida, måle henne og kunne fortelje om henne på forståeleg vis. Samlivet mellom sola og jorda gjev oss året og døgnet, som begge er tidsmål. Månen hjelper til med månadane på litt uryddig vis. Og sjølv har vi skapt oss tidsmålarar, frå soluret til atomklokkene, som måler tida i timar, minutt og sekund og det som mindre er.
Vi har eit slag kontroll på dagen i dag. Men i historia er det to store spørsmål som bed om eit svar. Kva tid starta tida? Kva tid var det første sekundet? Og: Kor skal vi starte når vi vil halde orden på åra som går, når vi vil telje dei? Kor skal vi ankerfeste tidsrekninga vår?
Romarane starta tidsrekninga si frå den gongen Roma vart grunnlagd, ab urbe condita, som dei sa, ca. 700 år før vår tidsrekning. Roma regjerte verda, og mange nytta den tidsrekninga. Islam startar med Muhammeds utvandring frå Mekka til Medina i år 622 etter vår tidsrekning. Jødane startar med dagen då Gud skapte verda, som europeiske teologar seinare fann ut var for 6000 år sidan. Buddhistane startar tidsrekninga si med den dagen Buddha gjekk inn i Nirvana. Andre hadde andre tidsrekningar.
Dei kristne hadde mange tidsrekningar. Ei var knytt til keisar Konstantin, han som gjorde kristendommen til statsreligion i romarriket. Ei annan starta med den første påsken. Det fanst fleire. Dette var eit rot.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.