Kva glor du på?
Augnekontakt er ofte viktig og fint, andre gonger er det beint fram utriveleg. Både folk og dyr kan kjenna seg truga om du ser dei rett i augo. Stundom hjelper det å smila, men det kan òg gjera vondt verre. Med andre ord gjeld det å nytta augo på rett måte til rett tid. Det er ikkje alltid so lett, men éi lekse har me alle lært: Det er stygt å glo.
Dei av oss som er sjåande, veit kor leitt det er å verta glodd på. Me veit òg kor lett det er å gløyma skikk og bruk og glo sjølv. Ja, me sit og glor rett som det er. Det er temmeleg nytt å bruka glo soleis. Glo hadde opphavleg tydinga ‘skina, gløda’, og ordbøkene fortel at ordet mellom anna er i slekt med gul, glas, gull, galle og dei to substantiva glo og glød, som historisk sett er same ordet.
Norrønt glóa vart nytta i tydinga ‘vera gloande; skina, glimra’. Slik er det framleis i islandsk (glóa) og færøysk (glógva). «Glógva sum gull» (eig. ‘glo som gull’) tyder då ‘glima/skina som gull’. Biletlege seiemåtar finst òg, jamfør færøysk «har glógvar ikki í», som tyder noko slikt som «der finst ingen ljospunkt». Til og med i engelsk (glow) og tysk (glühen) vert verbet nytta om å skina og gløda, men tydinga ‘sjå på, stira, glana’ er faktisk registrert i mellomengelsk. I dag er det berre i norsk, svensk og dansk at det er vanleg å bruka verbet soleis. Me veit ikkje presis korleis denne tydingsendringa gjekk føre seg, men glo har i alle fall vore mykje nytta om augo som glitrar og skin. «Det glor i katteauga», står det i Nynorskordboka. I Islex-ordboka står nesten ordrett det same, berre på islandsk (her nyttar eg d for stungen d): «Augu kattarins glódu í myrkrinu.»
Glo er visseleg ikkje det einaste ordet som målber at me ser stivt eller dumt på noko(n). Me kan til dømes glana, glåpa, glåma, kopa, stira og måpa – då gaper me samstundes. Eit stirande augnelag kan me rett og slett kalla stir, og du kan mellom anna «få eller ha sauestir(en)». Du kan stira framfor deg eller ut i lufta, og du kan glo i veggen eller taket. Nokre skifter mellom å stira på sin eigen navle og glana på andre folk. Det har vore spesielt vanleg å glana på bryllaupsfestar, og ein slik ubeden gjest har mellom anna vore kalla glanar, glankar, glåmar og kikar: «Det kom mange kikarar til bryllaupsgarden om kvelden.»
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.