Kva gjer vi med Lenin?
Vladimir Lenins Sovjetunion kom inn i det internasjonale samfunnet 1921, då britane braut blokaden.
Utanrikspolitikk er eit rot. Bitre fiendar kan bli allierte, og allierte kan bli bitre fiendar. England og Frankrike er tradisjonelle fiendar i Europa gjennom hundreåra. I førre hundreåret var dei allierte mot Tyskland. Churchill hata kommunismen. Han var ein av dei som stod bak den engelske intervensjonen i Russland etter den kommunistiske revolusjonen i 1917. I det store oppgjeret med Hitler var dei allierte – på same side. Problemfritt var det rettnok ikkje då heller.
Då Churchill vart sjikanert for denne merkelege alliansen i Parlamentet, svara han med å hevde at om Hitler hadde invadert Helvete, ville han ha lagt inn eit godt ord for djevelen i Parlamentet. Ein fekk ikkje vere for prippen i val av allierte.
Då han skulle på si første ferd til Moskva for å møte den gamle fienden Josef Stalin for første gong, var han plaga ved tanken på kva Stalin ville seie om rolla hans i intervensjonskrigane. Utpå natta, blir det fortalt, tok han spørsmålet opp med Stalin. «Det tilhøyrer fortida, og fortida tilhøyrer Gud», skal den gamle prestestudenten Josef Dsjugasvili, Stalin, ha svara. Fortida skulle ikkje plage den nødvendige alliansen.
Revolusjonen i Russland i 1917 var ei sjokkerande hending som kom til å prege resten av hundreåret. Kommunismens spøkelse går over Europa, skreiv Karl Marx i Det kommunistiske manifestet i 1848. Dette spøkelset skremde mange i åra etter 1848. Og no hadde spøkelset fått kjøtt og blod. Og meir enn det: Spøkelset hadde som klårt program å destabilisere andre europeiske statar, å innføre kommunismen som styringsform der også. Og meir enn det: I dei fleste europeiske landa var det sterke politiske rørsler som delte tankane til bolsjevikane i Russland, og som gjerne ville støtte ein revolusjon i eige land.
Europa skalv. Svaret vart boikott, ikkje å godkjenne det nye regimet som lovleg regjering. Ententemaktene – sigerherrane frå verdskrigen – valde denne vegen. Og då måtte småstatane, som Noreg, stort sett følgje etter. Det var ikkje lett.
Noreg valde å ha ein legasjon i Petrograd, som byen då heitte. Legasjonen skulle ta hand om nødvendige norske interesser utan å drive verksemda så langt at ho kom til å innebere ei de facto-godkjenning av de nye regimet. Ei slik godkjenning ville ikkje bli akseptert av dei vestlege stormaktene. Odd-Bjørn Fure skriv om desse problema i verket om norsk utanrikspolitisk historie. Legasjonen måtte «foreta en vanskelig balansegang», skriv han, mellom det som burde gjerast av nødvendig arbeid, og dei tronge rammene ententemaktene og den norske regjeringa sette. Den norske sendemannen klaga heimover. Å samarbeide med ententemaktene var uråd, sa han, ettersom dei i det heile ikkje ville ha noko med det nye regimet å gjere. Oppgåvene var umogelege, fordi han var «avskaaret fra at tre i forbindelse med det nuværende styre, da et saadant skridt vilde av det diplomatiske korps, især ententens representanter, betraktes som en ukollegial handling».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.