Kva framtid har fortida?

Statuen av Cecil Rhodes vart fjerna frå Oxford-universitetet i 2015.
Statuen av Cecil Rhodes vart fjerna frå Oxford-universitetet i 2015.
Publisert

Mennesket er eit dyr med historie. Forfedrane våre har levd ein gong, og vi prøver å halde minnet om dei ved like. Og vi nektar oss ikkje å pusse litt på vår eiga fortid. Svært mange folk, kanskje dei fleste, har skapt seg ei gyllen fortid. Mange har ei forteljing om ein gullalder før verda vart så ugrei som ho sidan vart, eit paradis, ei tid då gulltavlene låg i grønt gras.

Grekarane hadde sine homeriske heltar. Israel hadde sine patriarkar, Abraham og sidan Moses. Vi hadde mellomalderkongane våre, som vart mobiliserte i unionsstriden med svenskane.

Ei moderne ettertid har vore ufin mot desse gamle heltane. Homers heltar er sende ut av historia og inn i litteraturen. Det finst historikarar som meiner at Israels historie før kong David er å rekne som fablar og eventyr. Sjølv eksistensen til patriarkane er truga. Og mellomalderkongane våre glitrar ikkje som før. Lenge har dei vore på veg ut av ulike pensum.

Ettertida tek seg rett til å dømme fortida, også dei tankane ei yngre fortid har gjort seg om ei fjernare fortid. Ernst Sars var ein dominerande historikar på 1800-talet som hylla fortida og mellomalderkongane. I dag blir han lesen som ein raritet.

Etter kolonitida har det skjedd ei ommøblering av heltegalleriet. Gamle kolonifolk krev plass for si eiga historie, til fortrenging for den etablerte historia, som var vår historie om dei.

Gamle heltar forsvinn frå kartet. Leopoldville, Stanleyville, Rhodesia finst ikkje på kartet lenger. Meir enn det: I Oxford har aggressive studentar fått fjerna statuen av Cecil Rhodes, den største av alle imperialistar. Han tok Afrika for England, med dei middel han fann nødvendige. Tankane sine om det han gjorde, la han ikkje skjul på: Vi er det fremste folket i verda. Og di større delar av verda vi legg under oss, di betre er det for manneætta. Om storparten av verda blir lagd under vårt styre, tyder det slutten på alle krigar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement