Kva er eit sekund?
Biletet syner eit atomur frå 1975 med ekstra batteriforsyning.
Foto: Wikipedia
Tida er ramma rundt liva våre. Og det er Mor Natur som ordnar henne og gjer det mogeleg å halde orden på henne. Jorda bruker eit år på å farte rundt sola. Det gjev oss året med sine årstider, med skiftande vêr og vind. Og vil vi ha orden i historia, kan vi telje åra som har gått etter historiske hendingar. Årstala held orden for oss.
Jorda bruker eit døgn på å rotere rundt sin eigen akse. Det deler døgnet i natt og dag, med tid for svevn, arbeid, fritidsaktivitetar og alt anna vi fyller denne rotasjonstida med. Og dermed har vi dei to grunnleggjande og himmelgjevne tidsmåla, definerte av sol og jord.
Romarane fann på å dele natta i tolv delar – hora, som dei kalla delane. Timen var komen inn i historia, og namnet på den latinske timen lever vidare i fransk l’heure og engelsk hour. Det var også romarane som innførte minuttet og gav det namn, frå minutus, som rett og slett tyder liten. Dei gav også sekundet det namnet vi bruker på denne vesle tidseininga. Det er same ordet som vi har i sekunda vare, andreklasses. Andre forminskingsgrad,kalla romarane sekundet, andre etter minuttet, som var første grad. Men det var babylonarane som fann tidseininga først. Dei var gode på landmåling, vinkelmåling og matematikk. Det er hevda at det var menneskets pulsslag som var utgangspunktet deira for å lage sekundet til tidsmålar, ettersom dei fleste av oss har eit nytt pulsslag omtrent kvart sekund. Så hadde naturen gitt oss ei ny tidseining, sekundet, etter året og døgnet. Og det var ikkje siste gongen menneskepulsen vart brukt til å måle tid med. Då Galileo Galilei sat i kyrkja og målte svingingstida på den lampa som svinga framfor han, brukte han sine eigne pulsslag til å måle med. Pulsen var klokka, anna klokke hadde han ikkje. Så oppdaga han lovene for pendelsvinginga, og pendeluret var oppdaga.
Så var alt velordna. Tida var under kontroll. Døgnet var grunneininga i tidsmålinga fram til 1950-åra. Døgnet var å lite på. Men så var det ikkje det. Tidleg på 1900-talet fann dei ut at jorda ikkje var ei påliteleg klokke. Jordrotasjonen varierte, av fleire grunnar. Døgnet hadde ikkje fast lengd. I 1958 vart døgnet bytta ut med året som grunneining i tidsmålinga. Sola var støare som grunnlag for tidsmåling enn jorda.
Framleis var dette komplisert. Det måtte kompliserte målingar til for å bestemme rett og presis tid.
Det trongst nye og pålitelege klokker, som ikkje var avhengige av sol, jord og måne, men som i fred kunne stelle med sitt, å måle tida, uforstyrra av verda omkring. Første svaret var kvartsuret, der svingingane i ein kvartskrystall styrer ein elektrisk straum som driv eit ur. Svingingane i kvartskrystallen var påverka av temperaturen. Framleis greip miljøet inn i tidsmålinga. Neste løysing var atomuret. Her er det energiskilnaden mellom to tilstandar av atomet som blir nytta til tidsmåling. Og no er vi nok forbi det dei fleste av oss er i stand til å forstå. Ved dette uret er godt som alle forstyrrande miljøfaktorar, som temperatur, trykk og gravitasjon, eliminerte. Og uret er ufatteleg nøyaktig. Dei beste pendelura, arven frå Galilei, viser eitt sekund feil på eit år. Kvartsura bruker hundre år på å gå eitt sekund gale. Og atomuret bruker ein million år på å lage same minuttfeilen. No er det blitt orden på tida igjen. Men enkelt har det ikkje vore. For å lage ein endeleg definisjon av grunneininga, sekundet, vart 80 atomur i 18 ulike laboratorium sette i arbeid i 1964.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.