Kva er det med apane?

Japanske apar nyt eit bad i ei varm kjelde i Jigokudani villapepark i Nagano.
Japanske apar nyt eit bad i ei varm kjelde i Jigokudani villapepark i Nagano.
Publisert

For mange år sidan var eg på eit slektsstemne. Ei slekt skulle minnast sine eigne røter. Det var variert program, fint vêr, uteservering, god mat og mykje folk. Ein slektsforskar var invitert for å fortelje om slekta. Han var mormonar.

Han tok oppgåva alvorleg. Han arbeidde seg bakover i slekta så lenge det fanst kjelder i Noreg som hadde noko å fortelje – kyrkjebøker, arkiv og den slags. Men på eitt punkt, langt bak i historia, var det ikkje meir å finne. Då drog han til Salt Lake City i Utah i USA. Der har mormonane eigne slektsarkiv som kan følgje alle slekter tilbake til Adam og Eva.

Og funna hans var eintydige og klåre. Med stort alvor slo han fast: Det fanst ingen apar i denne slekta. Funna vekte oppsikt, og litt glede. Gleda vart moderert ved det faktumet at det var ingen reinblodige slektsfolk på stemnet. Historia hadde blanda inn blod frå andre slekter i alle som høyrde på talaren. Og alle desse andre slektene var ikkje apekontrollerte. Det fanst framleis ingen garanti mot apeblod i årane på oss som var der.

Slektskapen med apane har alltid vore av det mest skandaløse i utviklingslæra vår, det som har auka temperaturen i den langvarige debatten. At vi nedstamma direkte frå apane, var det rettnok få som hevda. Men påstanden var at vi var greiner på det same treet, som hadde mange andre greiner. Apane var slekta vår, tremenningar, femmenningar eller allmenningar, kva det no var.

Dette vart opplevd som provoserande. Bibelen fortel enkelt og greitt at Gud skapte mannen av mold frå marka. I denne skapnaden bles han inn anden sin. Slik fekk mannen sjel og liv. Sidan skapte Gud kvinna av eit sidebein frå mannen. Apar er det ikkje snakk om.

Vitskapen sette denne forteljinga under press. Tanken om ei gradvis utvikling, i staden for Bibelens bastante forteljing, melde seg. Då Darwin dukka opp og tende det bålet som låg og venta, låg utviklingstanken og dreiv i tida. Det var Darwins solide metodar, der han tvinga naturen til å fortelje det naturen visste, om korleis utvalsmekanismen i naturen var, som løyste den store og dramatiske debatten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement