Frå historia
Kunnskapens veg
Michael Faraday (1791–1867) oppdaga i 1831 at det var mogleg å lage elektrisk spenning ved å bevege ein magnet.
Målarstykke av Thomas Phillips
Den enorme kunnskapsmengda er kanskje det mest karakteristiske ved våre moderne kulturar. Dagens kunnskapsmengd er uendeleg, uoversiktleg og uhandterleg. Ingen veit alt, og det er lenge sidan nokon gjorde det. Det blir sagt at den tyske filosofen Leibnitz, som døydde for godt tre hundre år sidan, var den siste som visste alt. Om det er det lov å ha sine tvil.
Kunnskapen om det største, universet, er grenselaus og veksande, som universet er det. Små partiklar, som verda er bygd opp av, og som er så små at ingen nokon gong har sett dei, er blitt avlurte mange av sine løyndommar. Også det minste, for ikkje å seie dei minste, har levert grenselause og veksande kunnskapsmassar.
Og mellom det ekstreme – det største og det minste – flyt det eit hav av kunnskap, også kvardagskunnskapar som eingong var nye og spennande. No går vi rundt og veit meir enn vi anar.
Kunnskapen, og kunnskapshandteringa, organiserer samfunnet vårt. Enorme ressursar blir sette inn for at vi skal skaffe ny kunnskap. Mektige forskingsinstitusjonar driv med det. Like enorme ressursar blir sette inn for å spreie den etablerte kunnskapen.
I mange moderne samfunn blir mykje av barndomstida og det meste av ungdomsåra brukt til skulegang og læring av ulikt slag. I historia er dette relativt nytt. Men kunnskapen som triumferer i vår tid, har hatt ein lang veg å gå. Kunnskapens veg gjennom historia har vore stridsfull, bratt, ulendt og strevsam.
Dei joniske naturfilosofane, kring 500 år før vår tidsrekning, tok naturen ut av hendene på gudane og deira forklaringsmakt og gav denne forklaringsmakta til menneska. Og den europeiske naturvitskapen trengde seg inn i historia. Og gudane forsvarte seg, både i Hellas og seinare i det kristne Europa. Tilhøvet mellom kyrkja og naturvitskapen vart konfliktfylt gjennom hundreåra.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.